BYG122 Berekraftig bygningstransformasjon og -forvaltning
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet inneheld sentrale tema innan transformasjon/ombygging, livsløpsplanlegging, drift og forvaltning av eksisterande bygningar. Den norske bygningsmassen representerer, med sine 445 mill m2 golvflate, omlag like stor verdi som det norske oljefondet (2017). Å forvalte og fornye denne verdien på ein forsvarleg og ressurseffektiv måte, er viktig for både velferd og samfunnsøkonomi.
Emnet har to hovuddelar - ombygging av bygningar som legg vekt på teknisk tilstandsregistrering og - analyse, og drift og vedlikehald som legg vekt på planlegging, organisering og økonomisk styring i bruksfasen av bygningen sitt livsløp.
Målet med emnet er å gje studentane basiskunnskap om bygningen over livsløpet - frå nybygget står ferdig, gjennom ein bruksfase, ein ombyggingsfase og til slutt ein rivingsfase der materialar og komponentar skal sorterast og resirkulerast. Ressursbruk og levetid vert drøfta i høve til bygningen sine eigenskapar for den verksemda den til ei kvar tid skal tene. Vidare er det eit mål at studentane får basiskunnskap om bygnings- og arkitekturhistorie etter ca 1850.
Dei viktigaste temaene i emnet:
- Fasar i livsløpet til bygningen
- Bygnings- og arkitekturhistorie
- Teknisk tilstandsregistrering og -analyse
- Ombyggingsprosessen/transformasjon
- Byggetekniske problemområde
- Livsløpsøkonomien til ein bygning
- Planlegging og organisering av drift og vedlikehald
- Planlegging for drift og vedlikehald
- Funksjonsanalyse og arealeffektivitet
- Eksempel frå praksis
Læringsutbytte
Kunnskapar
- Ha grunnleggande kunnskap om fasar i livsløpet til ein bygning
- Kjenne til hovudtrekk i norsk bygnings- og arkitekturhistorie etter ca år 1850 - stilhistorie, materialbruk og konstruksjonar
- Kjenne til hovudtrekk i den historiske utviklinga for tekniske installasjonar i bygningar
- Ha grunnleggande kunnskap om tranformasjon- og ombyggingsprosessen - utgreiing, planlegging og gjennomføring
- Ha grunnleggande kunnskap om teknisk tilstandsregistrering og -analyse
- Kjenne til typiske byggetekniske problemområde ved ombygging og vedlikehald
- Ha grunnleggande kunnskap om livsløpsøkonomi og funksjonsanalyse
- Ha kunnskap om organisering og økonomisk styring i ulike FDV-organisasjonar
- Ha kunnskap om energi- og miljøvurderingar for ombygging/transformasjon
- Ha kunnskap om relevante lover, forskrifter og standarder
Ferdigheit
- Kunne greie ut om korleis ein bygning sine eigenskapar og økonomi utviklar seg over livsløpet
- Kunne gjennomføre ei fullstendig tilstandsregistrering og -analyse i samsvar med NS 3424
- Kunne utforme drifts- og vedlikehaldsplanar
- Kunne analysere og vurdere organisering og økonomi i ein FDV-organisasjon
Generell kompetanse
- Ha overordna kunnskap om kva bygningar betyr for samfunn og miljø
- Ha generell kunnskap om korleis verksemda vert påverka av bygningen sine eigenskapar
- Ha generell kunnskap om bygningar sin ressursbruk og miljøpåverknad
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BYG104 Bygningsfysikk
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar.
Rettleiing av prosjektarbeid i grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Munnleg presentasjon av prosjektarbeid i grupper
Deltaking på felles befaring/feltarbeid
Vurderingsform
1. Skriftleg skuleeksamen, 4 timar (40% av endeleg karakter).
2. Prosjektarbeid i grupper (60% av endeleg karakter).
Begge delane må vere bestått for å bestå emnet.
Karakterskala A-F der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg skuleeksamen: Enkel kalkulator.
Prosjektarbeid i grupper: Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel