IMU801 Inkluderande matematikkundervisning
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet legg opp til å lære ulike undervisningspraksisar som vil kunne famne alle elevar i ein klasse, både dei som strevar i faget og dei som meistrar emnet. Emnet er retta mot lærarar i grunnskulen og andre som ynskjer å lære seg korleis ein kan famne om eit vidt spekter når det gjeld fagleg nivå i klassen. Emnet går over eit heilt studieår slik at studenten får god tid til å prøve ut undervisningsmetodikk, reflektere over eiga undervisning og praksis.
Lågtpresterande elevar i matematikkfaget er ei stor utfordring i skulen. For elevane som presterer lågt, er det avgjerande at dei får rett hjelp slik at dei betre kan meistre både faget matematikk, men òg handtere og forstå situasjonar i samfunnet og elles i dagleglivet som byggjer på matematisk kompetanse. I dette emnet vil du lære undervisningsmetodikk som famnar heile klassen. Emnet vil fokusere på systemnivå i klassen og korleis læraren kan gjere grep for heile klassen slik at alle elevar har utbytte av undervisninga innanfor ordinær læreplan.
Sentrale tema i emnet vil vere ulike undervisningsmetodar, lågtpresterande elevar og korleis ein kan arbeide systematisk for å få elevane til å prestere på eit høgare nivå. Evnerike elevar og matematikkvanskar vil óg verte omtala. Studenten vil få erfaring med ulike undervisningspraksisar som kan hjelpe lågtpresterande elevar å kople seg på undervisninga, samt kartleggingsmateriell for å avdekke eventuelle lærevanskar. Vidare vil studenten få kunnskap om og erfaring med iverksetjing og evaluering av tiltak. Formålet er at studenten skal sjølv kunne arbeide med undervisningsmetodar som famnar heile klassen.
Gjennom studiet vil det bli arbeidd med både utprøving og reelle anonyme elevsituasjonar som studenten har tilgang til i eiga klasse.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva lågtpreseterande elevar i matematikk er, årsaker til fenomenet og korleis det kjem til uttrykk hos elevar
- har kunnskap om skilnaden mellom elevar med matematikkvanskar og lågtpresterande elevar
- har kunnskap om korleis ein kan bruke informasjonen som kjem fram i ei kartlegging, til det beste for elevane i ein klasse
- har kunnskap om kva tiltak som kan gjennomførast for å hjelpe elevar som strevar med matematikk
- har kunnskap om korleis ein kan førebygge at elevar presterer lågt i matematikkfaget
- har kunnskap om ulike undervisningsmetodar som kan inkludere alle elevane i klassen og korleis ein kan inkludere og integrere lågtpresterande elevar i matematikkfaget
Ferdigheiter
Studenten
- kan identifisere lågtpresterande elevar og tilpasse undervisninga til enkeltelevar og grupper
- kan avgjere om ein treng tiltak på systemnivå eller individnivå, basert på resultata frå kartlegginga som er gjennomført
- kan bruke resultata frå kartlegging av klassen til å lage ein plan for og iverksette tiltak på systemnivå
- kan bruke ulike undervisningsmetodar som inkluderer alle elevane i klassen, uavhengig av nivå
- kan gjennomføre planlagde tiltak i eiga klasse på systemnivå
- kan evaluere tiltaka som er gjennomførte i eiga klasse, samt vurdere kva arbeid som må gjerast vidare på systemnivå
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i korleis det er for elevar å streve med matematikk eller å ha lite utbytte av undervisninga
- har innsikt i korleis eigen undervisningspraksis har innverknad på at elevar ikkje presterer som forventa i matematikk
- evner å reflektere over og endre eigen praksis
- forstår samanhengen mellom relevant forsking og pedagogisk praksis
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Erfaring som matematikklærar i norsk skule
Undervisnings- og læringsformer
Nettundervisning, individuelt arbeid med sjølvstudium, individuelle innleveringar, gruppearbeid/samarbeid med lærarkollegaer, drøftingar. Arbeid med eigne elevar i matematikk gjennom heile studieåret utgjer ein viktig del.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre obligatoriske læringsaktivitetar som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen:
- Éin læringsaktivitet skal omhandle kartlegging av elevar i eigen klasse, analyse av kartlegging, samt bruk av resultata for å lage ein tiltaksplan.
- To læringsaktivitetar skal omhandle utprøving av ulike undervisningsmetodar og korleis ein kan arbeide for å inkludere alle elevane i klassen.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil,så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen på om lag 30 minutt.
Eksamen vil vera todelt der éin del vil vere å presentere planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning med fokus på undervisningsmetodane som har vore undervist, jamfør obligatoriske læringsaktivitetar. Den andre delen vil vera knytt til drøfting av pensum i emnet.
Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate
Meir om hjelpemiddel