INT100 Interkulturell kompetanse før studentutveksling
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Dette emnet er ei førebuing for studentar som dreg på utveksling. Emnet tek sikte på å skape grunnlag for kunnskap og forståing for eige ståstad, og førebu studenten på opphald ved læringsinstitusjon/praksisplass i ein anna kontekst enn den norske.
Gjennomført kurs med eksamen gir 2,5 studiepoeng. Gjennomført kurs utan eksamen gir kursbevis.
Emnet inneheld følgjande tema:
Del A: Interkulturell kompetanse knytt til eigen posisjon
- Refleksjon over eigen bakgrunn og posisjon som norsk student i ein global verden
- Nasjonal kultur, samfunnsstruktur og den nordiske velferdsstatsmodell i globalt perspektiv
Del B: Interkulturell kompetanse tilpassa destinasjon og profesjon
- Kultursensitivitet (fordommar og stereotypiar)
- Interkulturell kommunikasjon
- Kulturelle dimensjonar og referanserammer
- Etiske dilemma i refleksjon over eige utanlandsopphald
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om interkulturell kommunikasjon
- har kunnskap om ulike typar samfunn og kulturelle dimensjonar (det norske og mottakarlandet)
- har kunnskap om kulturelle variasjonar innan eigen disiplin/profesjon
Ferdigheiter
Studenten
- kan samhandle og kommunisere med menneske frå ulike samfunn
- kan bruke eigen disiplin- /profesjonskompetanse i ein ny kulturell kontekst gjennom respekt og toleranse for menneske frå andre kulturar
- kan identifisere og reflektere over etiske dilemma ved eige utanlandsopphald
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere kritisk over eigen kulturell ståstad og utvide eigen forståingshorisont i møte med praksisplass/utdanningsinstitusjon under utveksling
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er organisert i fleire delar med undervisning. Gjennomførast digitalt/ved fysisk oppmøte.
Kurset er rekna til 10-12 timar obligatorisk undervising + førebuing.
- Del A - Digital: Førelesing, diskusjonar og presentasjonar.
- Del B - Fysisk/digital: Førelesing, case, dialog, diskusjonar og presentasjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Aktiv deltaking på all undervisning
- Del A : Førebuing via HVL sine nettsider og oppgåve om eigen bakgrunn
- Del B: Presentasjon av tema (PowerPoint i Canvas)
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende til fastsette fristar for at studentane skal få gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Oppgåve. Individuell skriftleg tekst på 1500 ord, samt lese og respondere på medstudent sin tekst.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Dersom eksamen ikkje er bestått, eller om studenten ikkje ønskjer å ta eksamen, får studenten utferda eit kursbevis.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel