KUN810 Prosjektleiing for kunst- og kulturnæringa
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Kurset gir kandidaten kjennskap til sentrale prinsipp for prosjektleiing i små og mellomstore organisasjonar innafor kunst- og kultursektoren. Kandidaten vil tileigne seg kunnskap, dugleikar og kompetanse i utvikling, organisering og leiing av små og mellomstore prosjekt.
Kandidaten får innføring i dei ulike fasane i prosjektbasert organisering med utgangspunkt i teori og praktiske røynsler frå arbeid i team. Sentralt i studiet er praktisk bruk av omgrep, modellar og styringsverktøy som er relevant for måten kulturlivet organiserer seg på.
Kandidaten utviklar sin kompetanse i prosjektleiing i møte med praktiske utfordringar som krev samarbeid i team, kreativitet og løysningsorientering. Læringsaktivitetane legg til rette for at kandidaten vert i stand til å diskutere og reflektere på eit fagleg nivå. Studentaktive læringsformer omfattar munnlege framlegg og samarbeid i team.
Læringsutbytte
Kandidaten vil etter å ha gjennomført kurset ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap om:
- kunst- og kultursektoren som profesjons- og næringsarena
- politiske og økonomiske rammefaktorar
- søknadsarbeid og private og offentlege finansieringskjelder
- kunst- og kulturarrangementet som prosess og produkt
- prosjekt som metode og form for organisering
- prosjektdefinering, finansiering, planlegging og gjennomføringsstrategi
- team og teamutvikling
- risikohandtering
- interessentanalyse
- avslutte og evaluere prosjekt
Dugleikar i:
- skildre teoriar og modellar for prosjektleiing og anvende desse i praksis
- bruke relevant programvare for å utvikle plandokument
- bruke relevante appar i kreativt teamarbeid
- framstille og formidle relevant fagleg kunnskap til ulike interessentar, skriftleg, munnleg og audiovisuelt, inkludert utvikling av prosjektplanar budsjett og rapportar
Generell kompetanse:
- samarbeide i team om å skape eit felles produkt
- kritisk reflektere over eiga fagleg utøving og utvikling
- dele synspunkt og røynsler med andre i eit fagfellesskap for å bidra til å utvikle ein god praksis
Krav til forkunnskapar
Ingen, opptakskrav er generell studiekompetanse (GSK)
Undervisnings- og læringsformer
Studentaktive undervisningsformer inspirert av prosjektbasert-, problembasert og case-basert læring. Presentasjonar basert på ein aktiv og dialogbasert læringsmodell, diskusjon i team og rettleiing.
Kurset er organisert som 2 samlingar a 3 dagar, supplert med teamarbeid, arbeidsoppgåver og undervisning på nett mellom samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fylgjande 2 obligatoriske arbeidskrav må vere gjennomført individuelt og godkjend for å kunne gå opp til eksamen:
-Søknadstekst inkl. prosjektskildring og budsjett til ei tenkt ekstern finansieringskjelde
-Statusrapport for det caset som kandidaten i gruppe er med på å utvikle
Godkjend arbeidskrav er gyldig i eksamenssemesteret og påfølgjande semester.
Vurderingsform
Munnleg eksamen:
Ein sluttrapport, kor teamet presenterer arbeidet med prosjektet, refleksjonar, røynsler og læring dei har opparbeidd gjennom semesteret. Denne eksamenen er lagt til slutten av semesteret. Eksamen har en varigheit på 30 minutt og består av ein presentasjonsdel og ein diskusjonsdel.
Karakterskalaen er A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.
Eksamen vert gjennomført i team, og alle deltakarane i teamet må være delaktige under eksamen. Dersom kandidaten ynskjer å forbetre karakteren, må både arbeidskrava og eksamen verte gjennomført på nytt neste gong faget går.
Hjelpemiddel ved eksamen
Digitale presentasjonsverktøy
Meir om hjelpemiddel