Hopp til innhald

MGBNO501 Norsk 3, emne 1 - Litteratur og litteraturdidaktikk

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om hausten fjerde året. Emneplanen er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Emnet er bygd rundt lesing av eit samansett tekstutval og gir studenten inngåande og avansert kunnskap om litteraturvitskap og litteraturdidaktikk. I emnet får studenten innsikt i vitskapsteori og metode knytt til litteraturvitskap og litteraturdidaktikk. Studenten får også innsikt i forsking om litterære emne, og i korleis denne kunnskapen kan brukast i profesjonsutøvinga.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande innsikt i nasjonal og internasjonal teori om litteraturvitskap og litteraturdidaktikk
  • har avansert kunnskap om munnlege, skriftlege og multimodale teksttypar i ulike medium frå fortid og samtid
  • har avansert kunnskap om literacy
  • har inngåande kunnskap om tekstanalyse og formidling
  • har spesialisert kunnskap om estetiske uttrykksformer i ulike medium
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori og metode med relevans for det litteraturdidaktiske feltet og for profesjonsutøvinga av faget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og kritisk vurdere døme på nasjonal og internasjonal litteraturforsking og tilhøyrande forskingstradisjonar, og kan nytte denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan planleggje, tilpasse og gjennomføre undervising i litteratur som kan fremje den utforskande og kritiske tenkjemåten og den litterære kompetansen til eleven
  • kan formidle tekstar i ulike uttrykksformer på varierte og sjølvstendige måtar
  • kan utvikle og vurdere læringsressursar i litteraturundervisinga, og gje fagleg grunngjeven undervising i litteratur til alle elevar, inkludert elevar som har norsk som andrespråk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vere ein ressurs i faglege samanhengar i spørsmål om litteratur og litteraturundervising
  • kan utdjupe og konkretisere norskfaget sin eigenart som kultur- og danningsfag
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre fagområdets uttrykksformer

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGBNO101 Norsk 1, emne 1 - Begynnaropplæringa

MGBNO201 Norsk 1, emne 2 - Mellomsteget

MGBNO301 Norsk 2, emne 1 - Språk, kultur og litteratur 1

MGBNO401 Norsk 2, emne 2 - Språk, kultur og litteratur 2

eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene er varierte. Dei kan vere førelesingar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Studentane vert organiserte i faste seminargrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

3 obligatoriske læringsaktivitetar:

  1. Gjennomføre ei performativ formidling av ein (1) litterær tekst for ei nærare definert målgruppe.
  2. Delta aktivt i leseseminar.
  3. Skrive eit samandrag av ein litteraturteoretisk tekst frå pensum og reflektere over korleis det teoretiske og metodiske perspektivet kan knytast til eit didaktisk arbeid med ein (1) litterær tekst frå pensum.

Språk: Norsk. Obligatorisk læringsaktivitet 3 skal skrivast på motsett skriftspråk av heimeeksamen.

Presisering av formelle krav vert delte ut ved semesterstart.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Eksamen består av 2 delar:

Del 1: Skuleeksamen, 5 timar. Studentane skal diskutere ein eller fleire litteraturteoretiske tekstar i grupper på 3-4 studentar (1 ½ time). Deretter skal dei arbeide aleine for å skrive ein individuell fagtekst som dei leverer inn (3 ½ time).

Del 2: Heimeeksamen, 2 dagar. Studentane skal analysere ein litterær tekst frå pensum. Omfang: 2500 ord pluss/minus 10 %.

Begge delane tel 50%. Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.

Språk: Norsk, det skriftspråket ein ikkje har nytta i obligatorisk læringsaktivitet 3.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Del 2: Alle hjelpemiddel er tillatne. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel