Hopp til innhald

MGUKØ201 Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskolen, og må sjåast i samanheng med emne 1.

Til emnet står vidare utvikling av undervisningskompetansen knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslige erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal studenten kunne tilpasse undervisninga ut frå ei vid forståing, kjenneteikna av eit mangfaldig og inkluderande fellesskap. Undervisninga i emnet skal også bidra med ei innføring i arbeid med å kunne vurdera elevane si læring og utvikling i kroppsøvingsfaget og kunne gje læringsfremjande tilbakemeldingar. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst, utvikling og funksjonsnivå
  • har kunnskap om arbeid med en inkluderande undervisningspraksis
  • har kunnskap om vurdering for- og av læring i kroppsøving
  • har kunnskap om kroppsleg læring og didaktiske praksisar som kan fremje bevegelsesglede for elevar på steg 5-10
  • har kunnskap om kroppen, også som kritisk uttrykk og identitet i samfunn, media og kultur

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for læringsarbeid som inkluderer og anerkjenner mangfald som ein ressurs
  • kan gjennomføra skapande og utforskande undervising på ulike arena og i nærmiljøet, der bevegelseserfaring, mestring og refleksjon står sentralt
  • kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, undervising og læringsfremjande tilbakemeldingar.
  • kan på fagets premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
  • kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskaper innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving ut frå ei vid forståing av tilpassa opplæring
  • kan bidra til å sjå kroppsøving i tverrfaglege perspektiv
  • kan vise vilje og evne til samarbeid og vere ein bidragsytar i læringsfellesskap der refleksjon og kritisk tenking er sentralt for eiga og andre si faglege utvikling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og profesjonsretta arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil være førelesingar, praktiske øktar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleiker.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Delta på turar/ekskursjonar
  • Gjennomføre praktisk undervising med refleksjon
  • Akademisk lesing, førebu og delta med presentasjon på fagseminar
  • Gjennomføring av oppgåve i praksisperioden og erfaringsdeling etter praksis

Profesjonsfagleg digital kompetanse skal nyttast i ein eller fleire av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet.

Studentaktive læringsformer krev at studenten er til stades i undervisninga og samhandlar med faglærar og medstudentar.

Obligatoriske læringsaktiviteter må vera fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette.

Vurderingsform

Oppgåve. Eksamen består av ein fagtekst med tilhøyrande film (omfang, maks 2500 ord). Filmen leverast som vedlegg til teksten.

Detaljerte retningslinjer om eksamen vert gitt i eige skriv om eksamen frå faglærar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon ein gong. Etter dette må det leverast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • KRO1002 - Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 1 - Reduksjon: 15 studiepoeng