Hopp til innhald

MGUMU201 Musikk 1, emne 2 - Eleven og musikkulturelle kontekstar

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

MGBMU201 Musikk 1, emne 2 - er ein del av Musikk 1, for GLU 1.-7. trinn.

Emnet vert undervist som fag 1 i fjerde semester.

Musikk 1, emne 2 byggjer vidare på den utøvande verksemda og formidlinga frå Musikk 1, emne 1.

I emnet vert det lagt vekt på utøvande verksemd, skaping og formidling, der dei ulike delane av musikkfaget i grunnskulen vert integrerte. Det vil difor vere relevant å arbeide med ulike aktivitetar, knytt opp mot kjerneelementa i læreplanen (LK20), som inneber å utøve, lage og oppleve musikk, og å arbeide med kulturforståing. Gjennom emnet skal studentane utvikle sine musikalske og fagdidaktiske ferdigheiter, opparbeide seg eit relevant repertoar for grunnskulen, og få eit reflektert medvit om sentrale problemstillingar som kan relaterast til musikkundervisninga i grunnskulen.

Studentane skal vidare arbeide med problemstillingar knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse, musikkulturelle kontekstar, interkulturell kompetanse, norsk og samisk folkemusikk, relevante fagomgrep for grunnskulen, musikk som oppleving og erfaring, musikk som identitetsmarkør og dei tverrfaglege temaa i grunnskulen (dette emnet fokuserer på folkehelse og livsmestring. Her skal studentane óg få ein introduksjon til metoder og vitskapsteori knytt opp mot musikkfaget.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført dette emnet skal ha følgjande læringsutbytte, definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om- og erfaring med musikk og musikalske verkemiddel frå ulike kulturar, sjangrar og historiske epokar - og kan setje dette i samanheng med grunnskulens musikkfag
  • har kunnskap om musikalsk ungdomskultur, media og teknologi og om forholdet mellom formell og uformell læring i musikk
  • har kunnskap om analoge og digitale læringsverktøy for musikkfaget, og kan nytte eit relevant utval av desse i grunnskulen
  • har kunnskap om grunnlagslitteratur og aktuelle debattar om skulefaget musikk og faget si historie

Ferdigheiter

Studenten

  • kan improvisere og komponere med stemme, musikkinstrument og digitale verktøy
  • kan formidle musikk gjennom ulike uttrykksformer
  • meistrar eit variert repertoar av songar, rim, regler, songleikar og dansar til bruk i musikkundervisning
  • kan utforme enkle musikkarrangement til bruk i musikkundervisning
  • kan bruke og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og vurderingsformer som bidreg til tilpassa musikkopplæring

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre heilskaplege undervisningsforløp og reflektere over samanhenger mellom mål, iinhald og vurderingsformer i musikkfaget
  • kan stimulere elevane si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve, uttrykke og reflektere
  • kan ta i bruk musikk som ressurs i arbeid med grunnskulen sine tverrfaglege tema og i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid
  • har innsikt i musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i eit samfunn prega av mangfald
  • har grunnleggjande innsikt i metode og vitskapsteori

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUMU101 Musikk 1, emne 1 - Grunnleggjande musikklærarkompetanse

Det er ein fordel å ha grunnleggjande ferdigheiter i song, og spel på akustiske, elektriske og/eller digitale instrument.

Undervisnings- og læringsformer

Praktisk musikalsk og metodisk aktivitet i heil klasse og i mindre grupper, førelesingar og litteraturstudiar - i analoge og digitale format. Studentaktive læringsformer vert vektlagt, og det vert sett krav til at studentane kan arbeide sjølvstendig gjennom øving og eigeninnsats.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar er naudsynt for at studenten skal kunne førebu eller kvalifisere seg til eksamen. Innhaldet i læringsaktivitetane er forankra i emnet sitt læringsutbytte, og læringsaktivitetane krev aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane vert vurderte som godkjent/ikkje godkjent.

Obligatoriske læringsaktivitetar i dette emnet:

  • Aktiv deltaking på kurs i regi av biblioteket, i akademisk skriving
  • Ei skriftleg oppgåve knytt til musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i eit samfunn prega av mangfald.
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse: Gjennomføre planlagt undervisning med digitale verktøy i praksisperioden, og erfaringsdeling etter praksis.
  • I dette emnet blir det normalt gjennomført ein ekskursjon til Ole Bull Akademiet på Voss. Kurs og overnatting er gratis, men studentane må berekne eigenandel for kost og losji (for tiden 700 kr.), og reisekostnadar t/r kursstad. Studentar som er forhindra frå å delta på det obligatoriske kurset i folkemusikk ved Ole Bull Akademiet, må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid som tilsvarar kursets omfang.
  • Obligatoriske læringsaktivitetar i undervisning. Det er obligatorisk deltaking i seminar, ulike formar for ferdigheitstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20 %.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Retningslinjer for obligatoriske læringsaktivitetar vert publisert i læringsplattform.

Vurderingsform

Praktisk eksamen med individuell vurdering. Planlegge og gjennomføre eit musikkdidaktisk undervisningsopplegg. Varighet inntil 30 minutter.

Innhald og informasjon om gjennomføring: sjå retningslinjer som ligg føre ved eksamenstart.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel