Hopp til innhald

MGUPE101 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane god forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.

I dette emnet er det didaktiske møtet mellom elev, lærar og lærestoff sentralt. Kandidaten skal få kunnskap om den sosiale, faglege og personlege læringa og utviklinga til elevane, og innsikt i korleis ein legg til rette for gode læringsprosessar hjå elevane. Emnet er det første av fire emne i faget pedagogikk og elevkunnskap, og er lagt til haustsemesteret første studieår. Tema i emnet:

  • Introduksjon til pedagogikk som fag og forskingsfelt nasjonalt og internasjonalt
  • Lærarrolla og klasseleiing
  • Didaktisk arbeid og vurderingsformer
  • Læring, motivasjon og utvikling
  • Observasjon som forskingsmetode

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om skulen og læraren sitt mandat
  • har kunnskap om læring, motivasjon og born og unge si utvikling
  • har kunnskap om sentrale didaktiske prinsipp og varierte arbeids- og vurderingsformer for elevane
  • har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter
  • har kunnskap om klasseleiing og korleis læraren sin relasjonskompetanse kan bidra til økt læring for eleven
  • har kunnskap om korleis praktiske og estetiske læringsprosessar kan påverke trivsel og læring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre systematisk observasjon og analysere data frå observasjon
  • kan nytte forskings- og teoribasert kunnskap om læring, utvikling og klasseleiing
  • kan planlegge, analysere og vurdere ulike undervisningssituasjonar
  • kan anvende fagomgrep og grunngje sine didaktiske val i teori om læring, grunnleggande ferdigheiter og undervisning

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte forskings - og teoribasert kunnskap og gjere koplingar mellom teori og praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning varierer mellom forelesingar, seminar, individuelt arbeid og arbeid i grupper. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer og refleksjon knytta til det å skape samanheng mellom forskingsbasert og erfaringsbaserte kunnskapsformer som inngår i utdanninga. Dette kan omfatte både øvingar på høgskulen og utprøving i praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande krav må være godkjent for at studenten skal kunne meldast opp til eksamen:

  • Det er krav om frammøte i minst 80% av den studentaktive undervisinga i emnet. Det vil sei at det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper.
  • Læringsmappe: Den enkelte student skal legge inn 3 (tre) obligatoriske læringsaktivitetar i Canvas i løpet av semesteret. Ein av læringsaktivitetane skal knyttast til observasjon. Læringsaktivitetane skal være levert til oppsett tid som blir satt i semesterplanen. Dersom dei obligatoriske læringsaktivitetane ikkje blir levert til fristane, vert læringsmappa vurdert som "ikkje levert".

Bearbeida versjonar av innleverte læringsaktivitetar utgjer vurderingsmappa (eksamensmappa).

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Vurderingsmappa skal vere samansett av 3 (tre) bearbeida tekstar frå læringsmappa i tillegg til 1 (ein) overbyggande tekst. Dette dannar grunnlag for fastsetting av karakter. Vurderingsmappa skal dokumentere fagleg breidde og refleksjonar knytta til arbeidet med læringsutbytteskildringane i emnet.

Alle dei 4 (fire) elementa i vurderingsmappa må vurderast som bestått for at kandidaten skal få bestått vurderingsmappa.

Kriterier for vurderingsmappa blir gitt.

Karakterskala A - F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Ved klage blir heile vurderingsmappa sendt til ny sensur. Ved ny eksamen skal det leverast ei individuelt omarbeida vurderingsmappe.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • KRO1003 - Profesjonsfag: Lærarrolla og elevane si læring og utvikling - Reduksjon: 15 studiepoeng