Hopp til innhald

NSS801 Undervisning i nynorsk som sidemål

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet introduserer nye og aktuelle metodar for undervisning i nynorsk som sidemål. Det presenterer dessutan oppdaterte grunngivingar for kvifor alle elevar lærer nynorsk og inneheld eit intensivkurs i nynorsk for lærarar utan nynorskbakgrunn. Innhaldet i emnet tek såleis utgangspunkt i dei didaktiske kva-, kvifor- og korleis-spørsmåla: Kva er nynorsk, kvifor har me nynorsk på skulen, og korleis skal me undervisa i nynorsk som sidemål - med klar vekt på det siste.

Fleirtalet av elevane i norsk skule lærer nynorsk som sidemål. Dette stiller krav om at lærarane som underviser, både kjenner seg trygge på det nynorske skriftspråket og at dei har eit repertoar av arbeidsmåtar som på best mogleg vis kan tematisera nynorsk som sidemål gjennom heile grunnopplæringa. Sidan dei fleste elevane berre møter nynorsk i skulen, kan det vere krevjande for lærarar å undervise i nynorsk som sidemål.

Emnet er såleis retta mot lærarar i grunnskulen og andre som driv undervisning i nynorsk som sidemål og som vil læra meir om korleis ein kan gjera det effektivt og lystbetont. Emnet er heildigitalt og kan takast uavhengig av kvar ein bur. Undervisningsøktene er i hovudsak asynkrone, det vil seia at dei kan spelast av når studenten sjølv vil. Det er også nokre synkrone økter, det vil seia at studenten loggar seg inn på eit gitt tidspunkt for undervisning i sanntid.

Sentralt innhald i emnet er:

  • Tekst- og literacybasert nynorskopplæring: Korleis kan elevar få kunnskap om nynorsk språkstruktur og bli betre nynorskskrivarar gjennom å bli meir eksponerte for nynorsk? Undervisningsaktivitetar med utgangspunkt i språkdusj, språkbad, språklege landskap og tekstlesing vert gjennomgåtte og prøvde ut, og det same vert relevante skriveaktivitetar knytte til desse.
  • Språkbasert nynorskopplæring: Korleis kan elevar få kunnskap om nynorsk språkstruktur og bli betre nynorskskrivarar gjennom å bruke den språkkunnskapen dei har frå før? Undervisningsaktivitetar med utgangspunkt i samanlikning med elevane sine talemål, med bokmål og eventuelt andre språk vert gjennomgåtte og prøvde ut, og det same vert relevante skriveaktivitetar knytte til desse.
  • Moderne barne- og ungdomskultur: Kva finst på nynorsk i litteraturen og i sosiale og tradisjonelle media og kva passar til kva slags elevar/elevgrupper? Korleis kan dette arbeidast med i klasserommet for at elevar skal få kunnskap om mangfaldet i nynorsk barne- og ungdomslitteratur og -kultur og dessutan bli betre nynorskskrivarar? Undervisningsaktivitetar knytte til utvalde tekstar vert gjennomgåtte og prøvde ut, og det same vert relevante skriveaktivitetar knytte til desse.
  • Respons og vurdering: Kva for prinsipp for respons på språk og framstilling kan vera særleg gunstige når elevteksten er på nynorsk som sidemål? Korleis kan me vurdera sidemålstekstar med måloppnåing og karakter?
  • Argumentasjon for nynorsk i ei mangfaldig og fleirspråkleg tid: Kva er grunnane til at alle norske elevar skal læra nynorsk? Korleis kan me argumentera i klasserommet for at elevane skal læra å skrive nynorsk?
  • Intensivt nynorskkurs: Kva er god nok og rett nok nynorsk for deg som lærar? Tips og triks for å bli tryggare i nynorsk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om ulike former for tekst- og literacybasert nynorskundervisning og moglegheiter og utfordringar knytte til dei
  • har kunnskap om ulike former for språkbasert nynorskundervisning og moglegheiter og utfordringar knytte til dei
  • har kunnskap om kvar det finst ressursar på nynorsk i litteratur og media, og om og korleis dei kan brukast i opplæringa
  • har kunnskap om ulike prinsipp for respons på og vurdering av elevtekstar på nynorsk
  • har kunnskap om oppdaterte argument for at elevane skal kunne skriva nynorsk, og moglegheiter og utfordringar knytte til dei
  • har kunnskap om kva det vil seia å skrive godt og rett nynorsk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forma ut og evaluera eigne didaktiske opplegg med utgangspunkt i både tekst-/literacybasert undervisning og språkbasert undervisning
  • kan finna, formidla og bruka moderne barne- og ungdomskultur og -litteratur på nynorsk i undervisninga på tilpassa måtar
  • kan gje effektiv og motiverande respons på elevtekstar på nynorsk som sidemål og vurdera dei med måloppnåing og/eller karakter
  • kan bruka tilpassa og oppdaterte argument for nynorsk i møte med elevane som skal læra det
  • kan skriva nynorsk godt og rett

Generell kompetanse

Studenten

  • har styrka sin norskfaglege literacy- og språkkompetanse
  • kan bidra til å styrka kompetansen i undervisning på nynorsk som sidemål på eigen arbeidsplass
  • kan utvikla, leia og vurdera undervisning i norsk og andre fag som inneber nynorskopplæring
  • kan forhalda seg kritisk og reflektert til korleis og kvifor me driv undervisning i nynorsk som sidemål

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er eit heildigitalt tilbod. Det tyder at det ikkje er fysiske samlingar. Undervisningsøktene vil i hovudsak vera asynkrone, det vil seia at dei kan spelast av når studenten sjølv vil. Men det vil òg vera synkrone økter, det vil seia at studenten loggar seg inn på eit gitt tidspunkt for undervisning i sanntid.

Dei asynkrone øktene vil vera undervisning i emnet sine sentrale tema. Dei er sette saman i tematiske modular som studentane må gjennomføra.

Dei synkrone øktene vil innehalda gruppearbeid, plenumsdiskusjonar og anna studentaktivt arbeid. Det vil vera fem slike økter à 2 timar. Tidspunkta for dei er:

  • Tysdag 26. august klokka 14.00-16.00
  • Tysdag 30. september klokka 14.00-16.00
  • Tysdag 28. oktober klokka 14.00-16.00
  • Tysdag 25. november klokka 14.00-16.00
  • Tysdag 9. desember klokka 14.00-16.00

Studentane skal gjennomføra eit utviklingsarbeid med elevar. Arbeidet skal innehalda planlegging og gjennomføring av eit undervisningsopplegg som resulterer i elevtekstar på nynorsk, og det skal danna grunnlag for semesteroppgåva.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har tre obligatoriske læringsaktivitetar:

  1. Gjennomføring av alle dei asynkrone modulane i emnet og oppmøte på 4 av 5 synkrone økter.
  2. Planleggja eit undervisingsopplegg som skal presenterast i ein individuell munnleg presentasjon med presentasjonsverktøy (til dømes PowerPoint) på 10-12 minuttar. Den skriftlege delen av presentasjonen skal vera på nynorsk. Gje respons til ein medstudent sin presentasjon. Presisering av formelle krav kjem ved semesterstart.
  3. Gjennomføra undervisingsopplegget frå læringsaktivitet 2 og skriva ein individuell tekst på om lag 1200 ord (pluss/minus 10 %) knytt til dette. Teksten skal skrivast på nynorsk. Presisering av formelle krav kjem ved semesterstart.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Individuell semesteroppgåve, 3000 ord (pluss/minus 10 %). Semesteroppgåva skal skrivast på nynorsk. Presisering av formelle krav kjem ved semesterstart.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje stått.

Det er berre mogleg å levera forbetra versjon av semesteroppgåva med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve. Det vert ikkje gjeve tilbod om rettleiing til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne, men eventuell bruk av KI skal gjerast greie for i semesteroppgåva.

Meir om hjelpemiddel