RE6-2009 Event Management 2
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet bygger på Event Management 1 og tek studenten inn i ei djupare forståing for ulike verknader av eit event/arrangement , spesielt
- sosiale verknader
- økonomiske verknader
- politiske verknader
- miljømessige verknader
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Kunnskap
- Studenten kjenner til dei ulike verknadene eit arrangement kan ha, og kva som kjenneteiknar dei.
- Studenten har brei kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innan ringverknader av arrangement og arrangementsleiing.
- Studenten kjenner til forsking og utvikling innan effektar av arrangement.
Ferdigheiter
- Studenten kan identifisere og analysere effektane av eit arrangement.
- Kan bruke fagleg kunnskap og resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og dermed ta val med faglege argument.
- Kan finne, vurdere og referere til informasjon og fagstoff, og presentere dette på ein måte som kan løyse ei problemstilling knytt til ringverknader av arrangement.
Generell kompetanse
- Kandidaten kan finne, bruke og referere til relevant informasjon og fagstoff om ringverknader av arrangement og presentere dette på ein måte som klårgjer ei problemstilling.
- Kan planleggje og gjennomføre varierte oppgåver og prosjekt som går over tid, både åleine og i grupper.
- Kan vurdere og analysere fordelar og ulemper ved ulike arrangement på ein destinasjon.
- Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og munnleg, med andre innan same fagområde, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
- Emnet omfattar forsking og utvikling innan arrangement og arrangementsleiing. Vidare ser det på korleis digitale arrangement påverkar og har påverka bransjen etter Covid-19, samt moglegheiter og trugslar knytt til digitale arrangement.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
RE6-1000 Reiselivskunnskap/ Introduction to Tourism
Re6-2007 Event Management 1
Undervisnings- og læringsformer
Forelesninger
Seminar og workshops der studentane skal presentere og drøfte vitskaplege artiklar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ein munnleg presentasjon
Vurderingsform
1. Skriftleg i gruppe med 2-3 studentar (tel 40% av karakter)
2. Skuleeksamen 5 timar (tel 60% av karakter)
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Studentane må stå på begge for å få karakter i emnet
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg oppgåve i gruppe er alle hjelpemiddel tillatt.
Skuleeksamen: Ingen hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- RE6-2005 - Utvikling og leiing av arrangement - Reduksjon: 2,5 studiepoeng