SIB801 Samskaping og innovasjon for berekraftig utvikling
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Samskaping og innovasjon kan bli nytta som tilnærmingar for å kome fram til berekraftige løysingar på komplekse problem eller utfordringar som ikkje har openberre løysingar, ofte omtalt som «wicked problems» eller «samfunnsflokar». For å finne gode løysingar på slike problem er det hensiktsmessig å arbeide på tvers av fag og bakgrunn, noko vi i dette emnet omtalar som transdispilinær tilnærming.
I emnet skal studentane få innføring omgrep og teoriar knytt til samskaping, berekraft og innovasjon. Ein skal lære eksemplar på metodar innan samskaping og designdrevet innovasjon for å kome fram til løysingsforslag på komplekse utfordringar. Vidare skal studentane lære korleis ein kan vurdere og reflektere rundt i kva grad løysingane er berekraftig eller ikkje, opp imot FN sine berekraftsmål.
Studentane skal gjennom heile emne-perioden arbeide i tverrfaglege grupper med planlegging, gjennomføring og formidling av eit prosjekt. Prosjektet skal ha utgangspunkt i eit problem, utfordring eller ide meldt inn frå ei bedrift, offentleg verksemd eller frivillig organisasjon i regionen, eller frå eigen arbeidsstad. Prosjektet skal gjennomførast med bruk av samskapings- og innovasjonsmetodikk, og skal knytast til FNs berekraftsmål.
Emnet er lagt opp til å gje øving og rettleiing i å vere fasilitator i samskapingsprosessar og nytte verktøy og metodar innan designdriven innovasjon, til dømes design thinking, samt metodar for formidling, som til dømes teikning eller rollespel.
Studentane skal gjennom praktiske øvingar og kritisk refleksjon lære om tverrfagleg og transdisiplinær samarbeid, gruppeprosessar og kommunikasjon på tvers av fag og bakgrunn. Gjennom arbeid i grupper skal studentane utforske dilemma, barrierar og moglegheiter som kan oppstå i arbeid med samskaping, innovasjon og berekraftig utvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om omgrep og teoriar om samskaping
- kjenner til omgrep og teoriar om kommunikasjon og samarbeid på tvers av fag og bakgrunn
- kjenner til omgrep, teoriar og modellar for berekraft og berekraftig utvikling, her under miljømessige-, sosiale- og økonomiske dimensjonar
- kjenner til omgrep og teoriar om innovasjon i ulike sektorar
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende modellar og verktøy for å vurdere berekraftige løysingar innanfor ulike sektorar og treffe grunngjevne val
- kan beherske samskapingsmetode og designdrivne innovasjonsmetodar- og verktøy, samt vurdera deira nytte i ulike fasar av eit prosjekt
- kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område og i samarbeid med andre for å gjennomføre prosjekt
- kan reflektere over kva som hemmar og fremmar tverrfagleg og transdisiplinært samarbeid og gode gruppeprosessar
- kan reflektere over dilemma i samskaping, innovasjon og berekraftig utvikling
Generell kompetanse
Studenten
- kan beherske å vere fasilitator i ein samskapingsprosess, her under initiere og leie prosessen, forhandle med interessentar, fremje inkluderande dialog, omsette mellom disiplinar og vidareføre kompetanse til ulike aktørar
- kan formidle prosess og resultat frå prosjekt både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer til transdisiplinære interessentar
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere rundt prosess i eit prosjekt med hensikt å bidra til ei berekraftig utvikling
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet består av både digitale samlingar og samlingar i Sogndal samt prosjektarbeid og eigenstudiar mellom samlingane. Det vil bli lagt ut ressursar, litteratur og oppgåver i forkant av seminara. I seminara vil studentane få førelesningar, rettleiing på oppgåver, samt tid til å drøfte, reflektere og øve på å anvende omgrep, teoriar, metodar og verktøy innan samskaping, innovasjon og berekraft. Emnet legg opp til arbeid med casar og oppgåver og prosjektarbeid i grupper med rettleiing.
Emnet har ei forventa total arbeidsmengde på om lag 390-450 timar inkludert eigenstudiar, gruppearbeid og undervisning.
Obligatorisk læringsaktivitet
1) Skriftleg innlevering i gruppe: Prosjektplan som inkluderer tekst om samskaping, innovasjon og berekraft.
Det vil bli gitt valfri rettleiing på utkast og tilbakemelding på innlevert plan.
Læringsaktiviteten er særleg knytt til følgjande læringsutbytte:
- har brei kunnskap om omgrep og teoriar om samskaping
- kjenner til omgrep og teoriar om kommunikasjon og samarbeid på tvers av fag og bakgrunn
- kjenner til omgrep, teoriar og modellar for berekraft og berekraftig utvikling, her under miljømessige-, sosiale- og økonomiske dimensjonar
- kjenner til omgrep og teoriar om innovasjon i ulike sektorar
- kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område og i samarbeid med andre for å gjennomføre prosjekt
2) Munnleg presentasjon i gruppe: Presentasjon av midtvegs status i prosjektet for faglærarar, klassen og andre aktuelle interessentar.
Omfang: 15 min presentasjon pr. gruppe og deltaking på dei andre gruppene sine presentasjonar.
Det vil bli gitt umiddelbare tilbakemeldingar på presentasjonen frå faglærarane.
Læringsaktiviteten er særleg knytt til følgjande læringsutbytte:
- kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye område og i samarbeid med andre for å gjennomføre prosjekt
- kan formidle prosess og resultat frå prosjekt både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer til transdisiplinære interessentar
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere rundt prosess i eit prosjekt med hensikt å bidra til ei berekraftig utvikling
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Oppgåve i gruppe. Skriftleg innlevering av prosjektrapport.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillate
Meir om hjelpemiddel