TPHR590 Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studentane utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid med relevans for fagfeltet psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid. Masteroppgåva kan utgjere innsamling av eit eige empirisk materiale, eller bruk av på førehand innsamla dat. Masteroppgåva inkludert prosjektplan vert i utgangspunktet skrive som eit fellesprosjekt mellom to studentar. Det er også mogleg å skrive oppgåva individuelt.
Masteroppgåva vere eit forskingsprosjekt der formålet er eit eller flere av følgjande punkt:
- tilføre ny kunnskap til fagfeltet psykisk helse-, og rus- og avhengigheitsarbeid
- forbetre kvaliteten av eksisterande praksis
- implementere beste praksis på ulike måter i ein organisasjon, ei avdeling eller ei eining
- oppsummere eksisterande kunnskap for å skaffe ei betre forståing av eit avgrensa tema og skape retning for framtidig forsking og praksis.
I prosjektplanen skal studenten velje eit tema for fordjuping og ei problemstilling for masteroppgåva som er relevant for fagområdet, og som er i tråd med emneplanen for masteroppgåva. Prosjektplan inngår som eit obligatorisk læringsaktivitet i masteremnet, og den må vere godkjend før studenten startar på sjølve masteroppgåva
Masteroppgåva skal skrivast i tråd med Rettleiar for masteroppgåva ved fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no). Før arbeidet med masteroppgåva tar til skal student(ane) og rettleiar(e) utarbeide og underskrive ei rettleiingsavtale i tråd med HVL sine retningslinjer. Student(ane) fyller ut rettleiingsavtala og sender denne til rettleiar så tidleg som mogleg etter at tema og metode for masteroppgåva er valt. Student(ane), rettleiar, eventuelle medrettleiarar og emneansvarleg skal signere avtalen.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- har avansert kunnskap om fagfeltet psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid sitt vitskapsteoretiske, teoretiske og metodiske grunnlag, og kan nytte desse innanfor fagområdet
- har inngående kunnskap om kvalitetsvurdering av forsking
- har inngående kunnskap om ulike forskings- og analysemetodar
- har spesialisert innsikt i det temaet masteroppgåva handler om
Ferdigheiter: Studenten...
- kan vurdere kva som er tenleg design, datainnsamlingsmetode og analysemetode utifrå valt problemstilling
- kan bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendeg måte
- kan formidle eiga og andre si forsking presist og tydeleg
- kan gi konstruktive innspel i eigen og andre sine forskingsprosessar
- kan reflektere over og ta omsyn til forskingsetiske problemstillingar knytt til forsking på sårbare grupper
Generell kompetanse: Studenten...
- kan planlegge, gjennomføre og dokumentere eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og gjeldande krav til personvern
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet aktuell forsking, kritisk vurdere kjeldene og bidra til nytenking, gjennomføring av og bruk av forsking i praktisk virke
Krav til forkunnskapar
For å kunne levere masteroppgåva må emna TPHR501, TPHR502, TPHR503 og TPHR504 vere bestått, samt at obligatoriske læringsaktivitetar i emnet MAMET1PHR må vere godkjent.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er samlingsbasert og kombinerer digital og fysisk undervisning. Ein må pårekne å reise til eit anna campus (Bergen eller Sogndal) for undervisningsamling 1-3 gonger i løpet av emneperioden.
Rettleiing foregår etter avtale, fysisk eller digitalt.
I masteremnet arbeider studenten sjølvstendig med ein tematikk innanfor psykisk helse-, rusmiddel-, og avhengigheitsarbeid. Det blir nytta varierte læringsformer som studentpresentasjon, rettleiing, rettleiing, seminar, førelesningar med fordjuping i særskilte tema og sjølvstudium.
Studenten skal lage ein detaljert og konkret plan for gjennomføringa av masterprosjektet. Prosjektplanen skal vere på inntil 2000 ord (eksklusiv referansar), og innehalde følgjande:
- Tittel på masteroppgåva
- Bakgrunn som inneheldt avklaring av sentrale omgrep, aktuell forsking og evt. teori
- Problemstilling
- Metode
- Tidsplan
- Referanseliste
Prosjektplanen skal godkjennast av rettleiar før arbeidet med masteroppgåva tar til.
Rettleiar blir tildelt etter at studentane har valt emne for masteroppgåva og er komen i gang med utforming av prosjektplanen. Student(ane) må gjennomføre minimum 5 timar rettleiing (inkl. prosjektplan) i tillegg til rettleiing i gruppe saman med andre studentar og på seminar. Studenten må sende/levere skriftleg materiale til rettleiar seinast to døgn før avtalte møter.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjende før studentane kan levere masteroppgåva:
- Til stades 80% på obligatorisk studentaktiv undervisning. Obligatorisk undervisning omfattar ulike studentaktive læringsformer som framlegg av eiget arbeid, drøfting av medstudenters arbeid, rettleiing, gruppearbeid, verksteder, og liknande
- Prosjektplan for masteroppgåve på inntil 2000 ord (eksklusiv referansar) i tråd med denne emneplanen og Rettleiar for Masteroppgåve ved FHS rettleiar-for-masteroppgava2.pdf (hvl.no)
- Framlegg av forskingsmetode, inkludert datainnsamling og analyse, som er valgt for masteroppgåva.
- Presentasjon av masteroppgåva i si heilheit.
- Gjennomføre minimum fem timar med rettleiing. Rettleiinga skal skje i tråd med rettleiar for Masteroppgåvae ved FHS. Minst ei av rettleiingstimane skal omhandle oppgåva i si heilheit.
Vurderingsform
Masteroppgåve
Masteroppgåva kan skrivast på eit skandinavisk språk eller på engelsk etter avtale med rettleiar.
Studentane kan velje følgende to alternativ når det gjeldt forma på masteroppgåva:
Alternativ 1: Monografi med eit omfang på 15.000 ord +/- 10 %. Tittelside, innhaldsliste, referanseliste og eventuelle vedlegg kommer i tillegg.
Alternativ 2: Vitskapeleg artikkel som følgjer forfattarrettleiing og tilfredsstiller kvalitetskrava til eit fagfellevurdert nasjonalt eller internasjonalt tidsskrift: Masteroppgåva skal da bestå av ei kappe (utdjuping) på inntil 7500 ord +/- 10%, i tillegg til artikkel som svarer til tidsskriftet sine retningslinjer.
I begge alternativa må studentar som skrivar i par gjere greie for hva og kor mykje kva av dei individuelt har bidrege med i oppgåva.
Masteroppgåva skal utformast systematisk, for eksempel etter IMRAD-struktur.
Vurderingsform:
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten bearbeidd, skriftleg utgåve til ny eksamen i påfølgande semester.
Det er ikkje tilgang til å levere ny eller revidert masteroppgåve ved bestått resultat.
Hjelpemiddel ved eksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler er tillatt. For mer informasjon om bruk av kunstig intelligens se https://www.hvl.no/kunstig-intelligens/rettleiingar/ og Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Meir om hjelpemiddel