Hopp til innhald

UPED852 Fagdidaktisk fordjuping i høgskulepedagogikk

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet består av eit sett 25 timars modular der deltakarane vel 5 modular slik dei sjølv vil. Modulane er ei fordjuping i tema som kan knytast til i Innføringsemnet HSPED801. Dei fagdidaktiske modulane vert gjort tilgjengeleg for påmelding undervegs i studieåret.

For dei som skal dokumentere si utdanningsfaglege kompetanse er det tilrådd å velje modulen knytt til skriving av pedagogisk mappe. Der får deltakarane rettleiing på utvikling av ei pedagogisk mappe som er ein del av søknad om opprykk til fyrsteamanuensis og professor.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

• har avansert kunnskap om ulike didaktiske metodar for å planleggje og gjennomføre undervisning på

Ferdigheiter

Studenten

• kan planlegge, gjennomføre, analysere og kritisk reflektere over FoU-basert undervisning og involvere studentar i FoU-baserte læringsprosessar

• kan velgje, grunngje og vidareutvikle hensiktsmessige læringsaktiviteter og undervisnings- og vurderingsmetoder i forhold til faglege mål og utdanningsprogram

Generell kompetanse

Studenten

• har ein kritisk og analytisk holdning til undervisning og rettleiing, og kan bidra til fagleg og pedagogisk nyskaping gjennom utvikling av varierte undervisningsmetodar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

HSPED801 - Innføring i universitetspedagogikk

Undervisnings- og læringsformer

Studentaktive læringsformer som diskusjon, gruppearbeid og kollegarettleiing, førelesing og sjølvstudium, digitale læringsressursar og fysiske og nettbaserte samlingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på modular, totalt 100 timar

Vurderingsform

Avsluttende skriftlig refleksjonsoppgåve etter 5 modular, 1000 ord +/- 10%

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel