YFL807 Omsorgsteknologi for yrkesfaglærarar innan utdanningsprogram Helse og oppvekstfag

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Bruk av teknologi i helse og omsorgstenester er eit nasjonalt satsingsområde, men er eit område der helsepersonell manglar nødvendig kompetanse. Helsepersonell må kunne vurdere og ta stilling til alternative teknologiske løysingar knytt opp mot den enkelte brukar sine behov. Emnet har som mål å tilrettelegge for at studentane skal utvikle kunnskap innan omsorgsteknologi, og å stimulere til fagkritiske haldningar i samanheng med utvikling og bruk av teknologiske løysingar i helse- og omsorgstenesta. Studentane skal tileigne seg teknologiske basiskunnskapar som kan danne grunnlag for seinare utvidingar av kunnskapar og ferdigheiter.

Emnet skal styrke yrkesfaglærarar innan utdanningsprogrammet Helse og oppvekstfag sin kompetanse innan bruk og konsekvensar av omsorgsteknologi.

Innhald:

  • Innføring i omsorgsteknologi
  • Omsorgsteknologi for ulike brukargrupper
  • Konfigurasjon av utstyr
  • Standardar
  • Teknologi i organisasjon
  • Pårørande og medverknad
  • Etikk
  • Lovverk

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har brei kunnskap om aktuell og relevant teknologi som kan nyttast i helse og omsorgstenesta
  • kan drøfte og vurdere mulegheitene for nyskaping og innovasjon innan helse og omsorg som følge av innføring av teknologi i tenesta

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan vurdere bruk av teknologi i helse og omsorgstenesta frå ulike perspektiv
  • kan vurdere nytte og hensikt for tenestemottakar og for tenesteytar
  • kan vurdere muligheiter og utfordringar knytt til bruk av teknologi

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan analysere og kritisk vurdere etiske og juridiske problemstillingar knytt til bruk av teknologi til helse og omsorgsføremål
  • kan bidra til nytenking og innovasjon i opplæringa innanfor Helse og oppvekstfag

Krav til forkunnskapar

Fullført grunnutdanning som lærar (PPU, 3-årig yrkesfaglærarutdanning). Søkjarar må vere tilsett i og ha undervisningspraksis i vidaregåande opplæring.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer. Undervisinga vil ta utgangspunkt i studentane sine yrkeserfaringar og kunnskap som er viktig for å vidareutvikla ei oppdatert undervising innanfor Helse ogoppvekstfag. Studentane blir organisert i lokale nettverksgrupper. Undervisingssamlingane vert lagt til skular etter avtale.

Arbeidskrav

1. Innlevering av case for bruk av teknologi i heimen.

2. Digital dokumentasjon av utprøving av omsorgsteknologi.

Arbeidskrava må vera godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen. Det er obligatorisk frammøte på samlingane.

Vurderingsform

Munnleg eksamen i gruppe med utgangspunkt i presentasjon av undervisningsopplegg for bruk i eigen skule. Presentasjonen blir gjennomført for kollegaer på eigen arbeidsplass.

Karakter: greidd/ikkje greidd.