Hopp til innhald

MGUKH501 Kunst og handverk 3, emne 1 - Fagdidaktikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet skal bidra til å gi studenten et solid grunnlag for utøving av lærerrolla i kunst- og handverksfaget. I dette emnet skal studenten tileigne seg inngåande kunnskap om fagdidaktikk og utvikle forståing for faget sine problemstillingar. Gjennom studiet skal studenten evne å reflektere over faget i eit samfunnsperspektiv, der ulike syn på danning og utdanning blir  problematisert med utgangspunkt i enkeltindivid og samfunn.

Læringsutbytte

Kunnskap 

Studenten

  • har  kunnskap om ulike tradisjonar i grunnskulen i kunst og handverk og om samspelet mellom elevens læring og handling i et samfunnsetisk og berekraftperspektiv.
  • har solid kunnskap om fagfeltet si historie og eigenart sett i samanheng med nasjonale og internasjonal utdanningspolitikk.
  • har gjennomgripande kunnskap om korleis skapande arbeid og møter med visuell og materiell kultur kan påverke barn og unge sine liv og val

Ferdigheter 

Studenten 

  • kan analysere læreplanar og undervisningspraksis i kunst og handverk ut frå relevante teoretiske og faghistoriske perspektiv
  • kan drøfte og reflektere over etiske perspektiv knytt til mellom anna berekraft, kjønn og kulturelt mangfald
  • Kan kritisk anvende nasjonal og internasjonal forsking og eigne erfaringar i arbeid med praktiske og teoretiske problemstillingar
  • Kan nytte avansert fagdidaktisk kunnskap i planlegging,  gjennomføring og vurdering av undervisning i kunst og håndverk.

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og strukturere og formulere faglege resonnement.  
  • kan reflektere fagleg og delta på ulike arenaer i kommunikasjon om sentrale utfordringar
  • har innsikt i den offentlege skule si rolle som institusjon, med lærarprofesjonen sitt samfunnsbyggjande og dannande mandat

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kunst og handverk (60 stp.) i frå Syklus 1 eller tilsvarande.  

Undervisnings- og læringsformer

Verkstadarbeid, førelesingar, litteraturstudie, forskingsarbeid, prosjekt, seminar og kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Det vil vere krav om frammøte knytt til obligatoriske læringsaktivitetar
  • Gruppepresentasjon på tekstseminar
  • Deltaking med tekst og presentasjon på seminar om eiga prosjektskisse

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.      

Godkjente arbeidskrav er gyldig i to semestre etter godkjenning.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel