YFL802 Vurdering for læring i yrkesfaga 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Føremålet med studiet er å vidareutvikle og fornye yrkesfaglærarar sin praksis knytt til vurdering. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, samstundes som det er ei målsetjing at studiet kan bidra til å vidareutvikle vurderingsarbeidet innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved deltakarane sine arbeidsplassar/ skular. Vidareutdanninga skal gje grunnlag for å vidareutvikle undervisningspraksis i deltakarane sine undervisningsfag (programfag og yrkesfagleg fordjuping) på yrkesfaglege utdanningsprogram. Studiet vil fokusere på ulike vurderingsformer og særskild formativ vurdering (vurdering for læring), utvikling av vurderingsverktøy, eigenvurdering og elevmedverknad og samanhengar mellom læring, vurdering og motivasjon.

Vidareutdanninga er forankra i Opplæringslova og forskrifter[1], læreplanverket for grunnopplæringa[2],  og strategien Yrkesfaglærerløftet[3]. Føringar i Fagfornyinga[4] ligg til grunn for innhald og arbeid med sentrale tema studiet:

  • Vurdering for læring, formativ vurdering og summativ vurdering i yrkesfag
  • Arbeid med mål og kriterium som grunnlag for vurderingsarbeid
  • Samanhengar mellom læring, vurdering og motivasjon
  • Elevmedverknad og eigenvurdering
  • Demokrati og medborgarskap knytt til vurdering
  • Vurdering i ulike læringskontekstar
  • Samhandling mellom ulike arenaer og aktørar i vurderingsarbeidet
  • Digitale verktøy i vurderingsarbeidet
  • Etiske omsyn og regelverk knytt til bruk av digitale læringsverktøy i skulen

Vi vil særskild arbeide med samanhengar mellom undervegsvurdering i fagfornyinga og perspektiv på formativ vurdering, djupnelæring og elevmedverknad.

 https://fsweb.no/epn/endreEmneTabs.jsf?emnekode=YFL802&versjonskode=1#_ftnref1

[1]https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-23-724https://fsweb.no/epn/endreEmneTabs.jsf?emnekode=YFL802&versjonskode=1#_ftnref2

[2]https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/https://fsweb.no/epn/endreEmneTabs.jsf?emnekode=YFL802&versjonskode=1#_ftnref3

[3]https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/yrkesfaglarerloftet/id2460772/?q=yrkesfagl%C3%A6rerl%C3%B8ftethttps://fsweb.no/epn/endreEmneTabs.jsf?emnekode=YFL802&versjonskode=1#_ftnref4

[4]https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/fagfornyelsen/

Læringsutbytte

Studenten skal ha kunnskap om:

  • Styringsdokument og rammer for arbeidet med vurdering på yrkesfaglege program
  • Ulike perspektiv på vurdering for læring og formativ vurdering
  • Samanhengar mellom vurdering, læring og motivasjon
  • Arbeid med kompetansemål og kjenneteikn på måloppnåing
  • Elevmedverknad og elevane si eigenvurdering

 

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • Arbeide med vurdering for læring på ulike læringsarenaer
  • Bruke digitale verktøy i vurderingsarbeidet
  • Arbeide med å fremje elevmedverknad i vurderingsarbeidet
  • Samarbeide med ulike aktørar i vurderingsarbeidet

 

Studenten skal ha generell kompetanse i å:

  • Reflektere kring eigen og skulen sin vurderingspraksis
  • Vidareutvikle vurderingsarbeidet ved eigen skule for elevane si læring

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer. Undervisninga vil ta utgangspunkt i studentane sine

yrkeserfaringar, og på kunnskapar som er viktige for å utvikle sin undervisningspraksis innanfor yrkesfaglege program. Studentane blir organisert i lokale nettverksgrupper som samarbeider om utprøving av verktøy og metodar og med nettstøtta rettleiing og oppfølging frå HVL. Progresjonen i studiet vert bygd opp rundt sentrale prinsipp for formativ vurdering/ vurdering for læring. Det vert lagt vekt på utprøving og bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer, som studentane kan bruke med sine elevar, og HVL brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform i studiet.

Tilbudet er delvis nettbasert med 3 samlinger og 1 webinar.

Arbeidskrav

1. Obligatorisk deltaking på fellessamlingane

2. Deltaking i tre samlingar i lokale nettverksgrupper

3. Digital dokumentasjon av utprøving av tema/undervisningsopplegg i eige undervisningsfag

4. Presentasjon av dei ulike arbeidskrava i studiet (utprøvingar i eigen praksis), etter siste samling og før avsluttande eksamen. Presentasjonen skal skje på eigen skule og der kollegium og skuleleiing blir invitert, med moglegheit for kunnskapsdeling og refleksjon. Målet er erfaringsdeling på eigen arbeidsplass.

Arbeidskrava er obligatoriske arbeid som må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen i gruppe med utgangspunkt i utprøvingar av vurderingsmetodar og verktøy i sin undervisningspraksis.

Karakter: greidd/ikkje greidd.

Vert organisert som eksamenskonferanse på campus. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbytteformuleringar i studiet. Eksamen er open for samarbeidspartnarar frå næringslivet, representantar frå skuleeigar og PPU-studentar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel