15DKVL3 Vitskapleg arbeid og forskingsdesign
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet skal gi avansert og inngåande kunnskap om ulike forskingsmetodar, samt læringsteoriar knytt til pedagogisk bruk av IKT i undervisning og læring. Det vert lagt vekt på arbeid med akademiske tekstar i førebuing til eige forskingsarbeid, der analyse og tolking av kvalitative og kvantitative tekstar og data er tema. Dette skal lede frem til definering av eiga problemstilling og forskingsfelt, og konkretiserast i idéskisse og forskingsskisse. Inngåande kunnskap om eksisterande forsking på valte felt vert og vektlagt. Dette er en del av den teoretiske førebuinga til temaområdet for masterarbeidet.
I emnet vil følgjande tema bli vektlagt:
- IKT og læringsteori
- Ulike forskingsmetodar
- Litteratur review
- Identifisere og definere forskingsfelt
- Utvikling av forskingsdesign
- Forskingsetikk
- Lovar og forskrifter for forsking
Læringsutbytte
Emnet skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten:
- Har avansert og inngåande kunnskap om ulike forskingsmetodar
- Har kunnskap om analyse av kvalitative tekster i forhold til innhald, retorikk og argumentasjon
- Har kunnskap om analyse av kvantitative tekstar og data
- Har kunnskap om eksisterande forsking på valde forskingsfelt
Ferdigheiter
Kandidaten:
- Kan danne seg ein oversikt over aktuell forsking på feltet
- Kan utføre litteratur review og analysere relevansen av funn
- Kan utvikle problemstilling og forskingsspørsmål som er relevante med utgangspunkt i eksisterande forsking og litteratur innan valte felt
- Kan planlegge bruk av relevante forskingsmetodar
- Kan analysere og bruke akademiske tekstar i eit forskingsarbeid
- Kan analysere og bruke kvalitative og kvantitative data i eige forskingsarbeid
- Kan planlegge forskingsdesign i samarbeid med kollega
Generell kompetanse
Kandidaten:
- Kan oppdatera eigen forskingskompetanse og rettleia kollega i forskingsarbeid
- Kan ta ei ledande rolle i planlegging og utvikling av forskingsprosjekt
- Kan bruke eksisterande forsking og litteratur
- Kan oppdatere seg på ny forsking innan feltet
- Kan vurdere argumentasjon i akademiske tekster
- Kan bruke kvalitative og kvantitative data
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli lagt opp med samlingar, samt nettmøte, eige arbeid (individuelt/i gruppe) og rettleiing i periodane mellom samlingane.
Utvikling av eige forskingsdesign som grunnlag for å starte arbeidet med masteroppgåva vil vere ein sentral læringsaktivitet.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Oppmøte på samlingane
- Innleveringar og presentasjonar som er førebuing til samlingane
- Presentasjonar på nett og på samling. Dette vert spesifisert i semesterplanen
- Innleveringar. Dette vert spesifisert i semesterplanen
Vurderingsform
Mappe med to mappeelement:
- Litteratur review
- Forskingsskisse
Bestått/ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel