FØS8107 Digital marknadsføring

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi studentane brei kunnskap om teoriane, informasjonen og vurderingane som ligg til grunn når organisasjonar utformar sine marknadsstrategiar og har særskilt fokus på dei digitale marknadsstrategiane. Studentane skal lære å analysere marknaden og bruke modellar og verktøy for å planlegge og gjennomføre marknadsføringsaktivitetar. Emnet har som mål å gjere studentane i stand til å beherske faglege verktøy i ein moderne og digital verden og reflektere kritisk rundt dagens og framtidige utfordringar for marknadsførarar av verksemder som konkurrerer regionalt, nasjonalt og globalt.

Emnet utgjer emne nummer 3 av totalt 6 emner i prosjektet og årseininga Eit digitalt Ryfylke.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har:

  • brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar knytt til korleis organisasjonar;
    • planlegg, organiserer og kontrollerer sitt marknadstilbod
    • analyserer marknaden og forbrukaråtferda
    • finn målgrupper og posisjonera seg
    • kan tilpasse og nytte ulike konkurranseverkemiddel 
  • kunnskap om dagsaktuelle og gryande forsking og problemstillingar som er relevante for marknadsføringsfaget
  • kunnskap om marknadsføringsfaget sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet i ein digital tidsalder

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • analysere og drøfte praktiske problemstillingar i lys av teoriar og modellar i marknadsføringslitteraturen og ta grunngjevne val
  • kunne finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette i lys av ei problemstilling innan digital markedsføring
  • kan beherske faglege verktøy og teknikkar, også digitale verktøy

Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne til kritisk refleksjon rundt bruk av teoriar og modellar for å meistre utfordringar som marknadsførarar står over for
  • kan formidle og drøfte marknadsføringsteori, -modellar og -analysar både skriftleg og munnleg
  • kan gjere sjølvstendige refleksjonar kring etiske, miljømessige og juridiske utfordringar knytt til sentrale problemstillingar innanfor marknadsføring
  • kjenner til nyskaping og innovasjonsprosessar frå eit marknadsføringsperspektiv med særleg vekt på eit digitalt marknadsføringsperspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FØS8106 og FØS8107 eller tilsvarande emne

Undervisnings- og læringsformer

Samlingar, førelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid, diskusjonar og løysing av caseoppgåver.

Arbeidskrav

To arbeidskrav, ein fleirvalstest og ei skriftleg innleveringsoppgåve i gruppe.

Vurderingsform

Heimeeksamen over 10 dager i grupper på 2 - 3 studentar - 60 %

Munnleg eksamen individuell 20 minuttar - 40 % 

Karakterskala A - F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle trykte og skrevne hjelpemidler tillete

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØKB2121 (1) - Internasjonal markedsføring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØA116 (1) - Markedsføring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng