ABLUPR301 Praksis 3. år ABLU
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Praksis i tredje studieår på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er på 30 dagar. Det er ein obligatorisk del av barnehagelærarutdanninga.
Studentane skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
Hovudfokus: studenten si leiing av barn og barnehagen.
Læringsutbytte
Studenten skal i tredje studieår utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk bevisstheit. Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:
- stå fram som barnehagelærar og pedagogisk leiar
- kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
- kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt
- auke si generelle pedagogiske leiarkompetanse
- kunne legge til rette for eit miljø som fremmar og tek i vare på leik
Studenten skal ha 6 leiardagar (minimum) i praksis 3. studieår.
Krav til forkunnskapar
Praksis andre studieår (ABLUPR201) må vere bestått før du kan starte denne praksisperioden.
Undervisnings- og læringsformer
All praksis blir gjennomført i barnehage.
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
30 dagar rettleidd og vurdert praksis med krav om 100% frammøte.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Om praksis ikkje blir bestått kan studenten gjennomføre eit andre forsøk enste gong praksis går ordinært. Alle 30 dagane må takast på nytt. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel