Hopp til innhald

ANE510 Anestesisjukepleie. Kvalitet og fagleiing

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar den historiske utviklinga i anestesisjukepleie, den profesjonell identitetsdanninga, innføring i anestesisjukepleie og fagleg leiing. Samanhengen mellom fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, stress og pasientsikkerheit er vektlagt. Emnet omhandlar òg stressreaksjonar og meistringsstrategiar hjå akutt kritisk sjuke pasientar og deira pårørande med ulik kulturell bakgrunn. Forskings- og kvalitetsarbeid og pedagogiske metodar er òg tema i dette emnet

Emnet gir grunnlaget for å vurdere dagens praksis i anestesisjukepleie, basert på tilgjengelege kunnskap og forsking..

  • Anestesisjukepleia si historie, identitetsdanning, funksjon, ansvarsområde og fagleg leiing
  • Anestesisjukpleie
  • Anestesimedikament/farmakologi
  • Hygiene på operasjonsavdelinga
  • Møte med den akutt kritisk sjuke
  • Møte med torturofre-retraumatisering
  • Språk og kulturkompetanse
  • Sjukdomsforståing, pasientmedverking og pasienterfaringar
  • Opplevingar, reaksjonar og meistringsstrategiar hos pasientar og pårørande i alle aldrar(pasienterfaringar)
  • Profesjonens etiske retningsliner, relevante lover og forskrifte
  • Stressreaksjonar og meistringsstrategiar, førebygging/redusering av arbeidsbelastningar
  • Pasientsikkerheit
  • Språk og kulturkompetanse
  • Pedagogiske prinsipp
  • Organisering av helse- og omsorgstenesta
  • Forskings- og kvalitetsarbeid

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten…

  • har inngåande kunnskap om anestesisjukepleie, den profesjonelle identitetsdanninga, fagets eigenart og historie, tradisjon og plass i samfunnet
  • har avansert kunnskap om akutt og/eller kritisk sjuke, frå det premature barnet til den komplekse pasienten med samansette lidingar
  • har avansert kunnskap opplevingar, reaksjonar og meistringsstrategiar hos pasientar og pårørande med ulik kulturell bakgrunn
  • har inngåande kunnskap om helsekompetanse, kva betydning kultur- og språkbakgrunn har for sjukdomsforståing, pasientmedverknad og pasienterfaringar
  • har inngåande kunnskap om fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, stressreaksjonar og meistringsstrategiar, og korleis arbeidsbelastningar kan førebyggast og reduserast
  • har inngåande kunnskap om pasientsikkerheitsteori, kvalitets- og forbetringsmetodikk, og innovasjon i anestesisjukepleie
  • har inngåande kunnskap om leiing av eige fagområde
  • har inngåande kunnskap om helse- og omsorgstenestene si organisering, retningslinjer, relevante lover og forskrifter, inkludert krav til dokumentasjon av anestesi
  • har avansert kunnskap om pedagogiske prinsipp i undervisning og rettleiing til kollegaer og studentar
  • har spesialisert innsikt i kunnskapsbasert praksis og i metodiske tilnærming i forskings- og kvalitetsarbeidet innan det aktuelle feltet

Ferdigheiter: Studenten…

  • kan bruke pedagogiske prinsipp og metodar til å rettleie og undervise studentar
  • kan analysere uønskte hendingar og bidra til systematisk læring
  • kan analysere og forholda seg kritisk til forskings-, bruker- og erfaringskunnskap for å medverke til utvikling av tenesta

Generell kompetanse: Studenten…

  • kan analysere kliniske problemstillingar i lys av profesjonen sine etiske retningsliner
  • kan analysere og kritisk vurdere nasjonale og internasjonale retningsliner si betyding for faget, og sette det inn i ein kontekst for anestesisjukepleiaren si rolle i helsetenesta
  • kan analysere og ta sjølvstendig stilling i etiske dilemma
  • kan analysere og kritisk vurdere samspelet mellom faget sine historiske tradisjonar, samfunnet sitt behov og helsetenesta si utvikling
  • kan bidra til god pasientsikkerheitskultur og eit godt arbeidsmiljø for å ivareta pasient, pårørande og kollegaer ved uønskte hendingar og forebygge pasientskader
  • kan analysere og vurdere eige kompetansenivå og konsultere relevant personell ved behov
  • kan analysere komplekse og kritiske situasjonar i samsvar med helselover og profesjonsetikk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Varierte undervisnings- og læringsformer med vekt på studentaktive læringsformer. Ressursforelesningar, digitale læringsformer, gruppearbeid, formidling, studentrespons, ferdigheitstrening og observasjonspraksis blir nytta i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktiviteter må være godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Ei veke praksisstudium
  2. Munnleg formidling med medstudentrespons

Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i dei to påfølgande semestera.

Vurderingsform

Munnleg eksamen

Gruppe på 2-3 studentar

Ved gruppeeksamen skal alle deltakarane i gruppa bidra til eit felles produkt. Karakteren på produktet skal vere lik for heile gruppa. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg.

To dagar før munnleg eksamen skal gruppa levere eit samandrag av munnleg presentasjon. Omfang 500 ord. Samandraget skal innehalde referansar til pensumlitteratur og forsking.

Vurderingsuttrykk

Bestått/ikkje bestått

Ny eksamen

Ved ikkje bestått eksamen må studenten legge fram ny oppgåve til ny eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel