ANE511 Fysiologi, patofysiologi, farmakologi, anestesiologi og intensivmedisin
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Sentrale tema i emnet er patofysiologi, farmakologi, anestesiologi og intensivmedisin relatert til pasientar i alle aldersgrupper. Smertefysiologi, lindring av akutte og kroniske smerter og palliasjon er og sentrale tema. Emnet legg vekt på samanhengen mellom organfunksjon og patofysiologiske prosessar og behandling, i tillegg til samanhengen mellom pasienten sin tilstand, det kirurgiske inngrepet og korleis det påverkar val av anestesimetode.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap,ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
• har avansert kunnskap i aldersfysiologiske/patofysiologiske særtrekk og endring frå det
premature barnet til vaksne og eldre
• har spesialisert innsikt i legemidlar som vert brukt ved anestesi, avansert
smertebehandling og palliasjon
• har avansert kunnskap i anestesiologi
• har spesialisert innsikt i vasoaktiv behandling, væskebehandling og transfusjonar
• har spesialisert innsikt i generell anestesi, regionale og sentrale blokadar
• har inngåande kunnskap om akuttmedisinske og intensivmedisinske tilstander
Ferdigheiter:
Studenten…
• kan analysere og vurdere sjukdom/tilstand sin påverknad for val av anestesimetode
• kan analysere anestesimetoden sin påverknad av pasienten sin tilstand
• kan analysere og vurdere risiko for komplikasjonar, analysere og vurdere nødvendige tiltak
Generell kompetanse:
Studenten…
• kan vurdere ulike metodar for å ivareta god pasientomsorg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gjennomført ANE510 Akutte og kritiske tilstandar. Kvalitet pasientsikkerheit og fagleg leiing
Undervisnings- og læringsformer
Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta i emne med fokus på studentaktive metodar. I dette inngår ressursførelesningar, gruppearbeid, studentaktive læringsformer, sjølvstudium og digitale læringsformer
Obligatorisk læringsaktivitet
Føljande obligatoriske læringsaktivitet må være godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1. Skriftleg oppgåve knytt til analyse av samanheng mellom kirugisk inngrep, pasienten sin tilstand og val av anestesimetode. Formidling av oppgåva og studenttilbakmelding.
Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i dei to påfølgande semestera.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen
Omfang på 5 timar.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk:
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator
Meir om hjelpemiddel