ANE512 Anestesisjukepleie som fag og funksjon. Observasjons,-vurderings-, avgjerds- og handlingskompetanse
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet legg vekt på det teoretiske grunnlaget til utøving av anestesisjukepleie. Det omhandlar den elektive og akutt, kritisk sjuke pasienten prehospitalt og i sjukehus. Det heilheitlege anestesiforløpet ved ulike kirurgiske inngrep og undersøkingar er sentralt, samt risikovurdering og førebygging av komplikasjonar ved anestesi. Tekniske ferdigheiter relatert til anestesiapparat og anna elektromedisinsk-teknisk utstyr, og ikkje-tekniske ferdigheiter (NANTS) knytt til situasjonsbevisstheit, observasjons- vurderings- og avgjerdskompetanse er vektlagt. Vidare omhandlar emnet kompetanse i relevante metodar for systematisk klinisk undersøking.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap,
ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
• har avansert kunnskap om metodar ved preanestetisk vurdering, førebuing og gjennomføring av generell anestesi, regional-, lokal anestesi og sedasjon
• har avansert kunnskap anestesimedikament tilpassa den unike pasienten i alle aldrar og medisinske tilstand
• har avansert kunnskap om metodar for overvaking av vitale funksjonar
• har avansert kunnskap om medikamentrekning
• har avansert kunnskap om tekniske og ikkje-tekniske ferdigheiter
• har spesialisert innsikt i intravaskulær og intraossøs tilgang, samt ultralyd-veileda intravaskulær tilgang
• har spesialisert innsikt i ventilasjon og vurdering og sikring av luftvegar
• har inngåande kunnskap om anestesisjukepleiaren si rolle ved pandemier, beredskap- og krisehandtering ved større ulykker, terror og i krigs- og katastrofeområde
• har spesialisert kunnskap om i funksjon, kontroll og bruk av avansert medisinsk utstyr innafor anestesi
• har inngåande kunnskap om kirurgiske metodar og leiring av pasient under anestesi
Ferdigheiter:
Studenten…
• kan bruke relevante metodar i gjennomføring av systematisk klinisk undersøking
• har avanserte tekniske ferdigheiter i å oppretthalde frie luftvegar og ventilasjon ved bruk av maske/bag, supraglottiske hjelpemiddel og tracheal intubasjon
• kan bruke relevante metodar for å etablere intravaskulær tilgang
• kan analysere og vurdere risiko for komplikasjonar og vurdere forebyggande tiltak i anestesi
• kan funksjonsteste, kontrollere og bruke anestesiapparatet inkludert lekkasjetest, feilsøk, ulike ventilasjonsmodus og anestesisystem
Generell kompetanse:
Studenten…
• kan analysere kliniske problemstillingar i lys etiske retningsliner relatert til profesjonen
• har avansert kunnskap om lover og forskrifter knytt til bruk av medisinsk utstyr og digitale verktøy som er relevant for yrkesutøving
• kan bruke relevante metodar til å leie og organisere eige arbeid
Krav til forkunnskapar
ANE510 må vere bestått for å gå opp til eksamen i emnet ANE512
Tilrådde forkunnskapar
ANE511: Fysiologi, patofysiologi, farmakologi, anestesiologi og intensivmedisin
Undervisnings- og læringsformer
Varierte undervisnings- og læringsformer med vekt på studentaktive læringsformer som ressursforelesningar, digitale læringsformer, gruppearbeid, formidling, studentrespons, ferdigheitstrening, simulering og observasjonspraksis blir nytta i emnet
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1. Gruppearbeid
2. Ferdigheitstrening/simulering
3. Medikamenttest
Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to dei påfølgande semestera.
Vurderingsform
Heimeeksamen 1 veke fredag-fredag
Tid for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk:
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte
Hjelpemiddel ved eksamen
Kalkulator
https://www.hvl.no/Vestibylen/undervising/utdanning--forside/eksamen/pa-eksamensdagen/hjelpemiddel-ved-eksamen/
Meir om hjelpemiddel