ANEP513 Utøvande anestesisjukepleie Pasientsikkerheit, teknologi, digital kompetanse
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar utvikling av funksjonsdyktigheit og handlingskompetanse innan anestesisjukepleie, og samanhengen mellom fagutøving og fagforståing. Emnet legg vekt på anestesisjukepleie til pasientar utan eller med moderat organisk liding (ASA 1 og ASA2). I emnet vert det lagt vekt på kontroll og bruk av anestesiapparat og anna elektromedisinsk utstyr, og spesialisert kompetanse i å planlegge og administrere eige arbeid og utføre ferdigheiter og prosedyrar med presisjon og nøyaktigheit. Ikkje-tekniske ferdigheiter vert vektlagt. Pasienten si sikkerheit er sentralt i emnet
- Førebygging av pre-, per- og postanestetiske komplikasjonar
- Dokumentasjons- og informasjonsteknologi
- Organisering av anestesisjukepleiarane sine oppgåver og funksjon i avdelinga
- Postoperativ overvaking og sjukepleie
- Administrasjon av medikament
Emnet er bygd opp rundt utviklinga av erfaring og kompetanse i dei vanlegaste medikament brukt til generell, regional og lokal anestesi til friske pasientar eller pasientar med moderat organisk liding som ikkje medfører spesielle forholdsreglar eller anestesitekniske tiltak.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter oggenerell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har avansert kunnskap om anestesi til funksjonsfriske pasientar
- har avansert kunnskap om ulike anestesimedikament og anestesimetodar
- har spesialisert innsikt i intravaskulær og intraossøs tilgang og ultralyd veileda intravaskulær tilgang
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan med rettleiing gjennomføre generellanestesi, innleiing, vedlikehald og avslutning på funksjonsfriske pasientar
- kan overvake funksjonsfriske pasientar i regional og lokal anestesi og vurdere og handtere komplikasjonar
- kan bruke relevante metodar i gjennomføring av systematisk klinisk undersøking og i rettleiing observere, monitorere og vurdere pasienten, samt foreslå nødvendige tiltak i gjennomføring av anestesi
- har tekniske ferdigheiter i å etablere fri luftveg og oppretthalde fri luftveg og ventilere pasient med maske/bag, supraglottiske hjelpemidlar og tracheal intubasjon til barn og vaksne
- kan analysere, forstå og tolke digitale parameter opp mot kliniske funn
- kan analysere anestesisjukepleiaren sitt kompetanseområde og sjølvstendig anvende relevant kunnskap innanfor fagområdet
- kan kritisk analysere og anvende egen kompetanse og situasjonsforståing for å yte omsorg, fremme helse og velvære for den enkelte pasient, i samsvar med lover, forskrifter, retningslinjer og rammer for yrkesutøvinga
- kan bruke relevante verktøy for å dokumentere anestesiforløp og anestesisjukepleie
Generell kompetanse:
Studenten…
- har spesialisert innsikt i funksjon, kontroll, bruk og vedlikehald av avansert medisinsk utstyr innafor anestesi- og akuttmedisin for å kunne handtere avvik og ivareta pasientsikkerheit
- kan analysere og vurdere eige kompetansenivå og konsultere relevant personell ved behov
Krav til forkunnskapar
Bestått emna ANE510: Akutte og kritiske tilstandar. Kvalitet pasientsikkerheit. ANE511: Fysiologi, patofysiologi, farmakologi, anestesiologi
ANE512 Godkjent arbeidskrav, ferdigheitstrening og simulering
Tilrådde forkunnskapar
Gjennomført ANE512: Anestesisjukepleie som fag og funksjon. Observasjons,-vurderings-,avgjerds- og handlingskompetanse
Undervisnings- og læringsformer
Praksisstudium med vekt på anestesisjukepleie, pasientsikkerheit, teknologi og digital kompetanse. Dagleg rettleiing frå anestesisjukepleiar fortrinnsvis med master- og rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinsitutsjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Klinikksamlingar. Eit refleksjonsnotat kvar veke.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Skriftleg oppgåve. Llitteraturgrunnlaget for valt problemstilling med relevans for utøving av anestesisjukepleie. To studentar kan samarbeide om felles oppgåve, 750 ord +/- 10%. Godkjent/ikkje godkjent
- Deltaking på klinikksamlingar
- Ei oppstartsamtale om læringsutbytte, ei midtvurderingssamtale og ei sluttevurderingssamtale
Vurderingsform
Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått
Ved ikkje bestått praksis, må heile emnet gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt
Meir om hjelpemiddel