ANEP514 Utøvande anestesisjukepleie. Samhandling og kommunikasjon
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar anestesisjukepleie og integrert bruk av kunnskap bygd på forsking, erfaring og brukar- og pårørande perspektivet (arbeide kunnskapsbasert). Emnet legg vekt på oppøving i presisjon, hurtigheit og koordinasjon i komplekse situasjonar. I tillegg legg emnet vekt på ikkje tekniske ferdigheiter der kommunikasjon, samhandling og situasjonsbevistheit i samhandling med pårørande, kollegaer og i teamet er sentralt. Pasientens sikkerheit er sentralt i emnet. Emnet vektlegg erfaring med ulike anestesiformer til ulike kirurgiske metodar og behandling. Fagleg progresjon, aukande ansvar og sjølvstendige vurderingar i utøving av anestesisjukepleie er sentralt.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiterog generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
• har avanser kunnskap om anestesi til pasientar i alle aldrar og med alvorleg sjukdom
• har avansert kunnskap om korleis valte anestesimetode påverkar pasient med ulike medisinsketilstandar
Ferdigheiter:
Studenten…
• kan sjølvstendig gjennomføre generell anestesi på elles funksjonsfriske pasientar
• kan gjennomføre anestesi ved ulike inngrep og medisinske tilstandar
• bruke relevante metodar ved preanestetisk vurdering, førebu til dei ulike metodane innan anestesi
• kan observere, overvake og behandle for å forebygge svikt i vitale funksjoner
• kan bruke relevante metodar for å handtere effekt og biverknader av anestesimedikament ogrelevante tilleggsmedikament
• kan analysere og vurdere pasienten sin situasjon for å forebygge, behandle og lindre smerte,ubehag og kvalme
• har avanserte tekniske ferdigheiter i å oppretthalde frie luftvegar og ventilasjon ved bruk avmaske/bag, supraglottiske hjelpemidlar, og tracheal intubasjon hos barn og vaksne, samtanvende hjelpemidlar ved vanskeleg luftveg
• kan bruke relevante metodar for å ivareta pasientar og pårørande sine behov i eit komplekst oghøgteknologisk miljø
• kan bruke samhandlings- og kommunikasjonsverktøy for å ivareta god pasientbehandling ogpasientmedverknad
• kan analysere og vurdere fagspesifikke og overlappande funksjonar for å fremje godsamhandling mellom profesjonane
Generell kompetanse:
Studenten…
• kan anvende kunnskap og ferdigheiter for å bistå i smertebehandling og palliasjon
• har utvikla situasjonsbevisstheit og evne til å kunne prioritere, og eventuelt omprioritererelevante tiltak for å være i forkant og forutsjå og forebygge komplikasjonar
• kan anvende relevante metodar for å ivareta god pasientbehandling samt tilpassekommunikasjon og samhandling ut frå pasientar og pårørande sin helsekompetanse og språklegbakgrunn
• kan anerkjenne og respektere kompetansen til andre teammedlemmer og kollegaer, og deltaaktivt med sin kompetanse i team i og utanfor sin faste arbeidsstad
• kan bidra til kvalitetsarbeid, nytenking og innovasjonsprosessar i klinisk praksis
Krav til forkunnskapar
Følgande emne må vere bestått:
ANE510: Akutte og kritiske tilstandar. Kvalitet pasientsikkerheit og fagleg leiing
ANE511: Fysiologi, patofysiologi, farmakologi, anestesiologi og intensivmedisin i
ANE512: Anestesisjukepleie som fag- og funksjon. Observasjons-, avgjerds- og handlingskompetanse
ANEP513: Pasientsikkerheit, teknologi og digital kompetanse i utøvande anestesisjukepleie.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Praksisstudium med vekt på samhandling og kommunikasjon i utøvande anestesisjukepleie.Dagleg rettleiing frå anestesisjukepleiar fortrinnsvis med master- og rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinstitusjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar,rettleiingsmetodikk, evaluering og klinikksamlingar. Eit rekleksjonsnotat kvar veke. Tilsvarande ei veke teori med simulering knytt til akuttesituasjonar i anestesisjukepleia.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg tileksamen:
1. Ei oppstartsamtale om læringsutbytte, ei midtvurderingssamtale og ei sluttvurderingssamtale
2. Deltaking på klinikksamlingar.
3. Deltaking i simulering
Vurderingsform
Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått
Ved ikkje bestått praksis, må heile emnet gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt
Meir om hjelpemiddel