Hopp til innhald

ANEP515 Utøvande anestesisjukepleie. Kvalitet, fagleiing og organisering

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet legg vekt på anvende forskingsbasert kunnskap i klinisk praksis og å utvikle sjølvstendigheit i utøving av anestesisjukepleie. Det vert lagt vekt på å anvende kunnskap for å kritisk vurdere val av anestesiformer og metodar til både elektive og akutte og komplekse inngrep. Dette omfattar den ikkje fastande pasienten og pasientar som kan utvikle svikt organ. Det blir vektlagt å sjølvstendig gjennomføre anestesi til funksjonsfriske pasientar klassifisert som ASA I og II, og i samarbeid med anestesilege og andre profesjonar til meir komplekse pasientar og inngrep (ASA 3 og4). Det er viktig forutsjå og iverksette tiltak ved komplikasjonar. Pasientsikkerheit er sentralt i emnet. Emnet omhandlar anestesisjukepleiarane sin funksjon prehospitalt og i akuttfunksjon i sjukehuset. Kompetanse i psykososiale reaksjonar ved akutt og/eller kritisk sjukdom til pasientar i alle aldersgrupper og tilhøyrande ulike kulturar er vektlagt. Studentormidling og undervisning er lagt vekt på.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap,ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

• kan sjølvstendig gjennomføre generell anestesi på funksjonsfriske pasientar, og i samarbeid med anestesilege gjennomføre anestesi til pasientar med meir komplekse sjukdomstilstandar og leggje til rette for behandling og kirurgi

• kan identifisere, analysere og vurdere risiko for komplikasjonar, forebygge og iverksette nødvendige tiltak under utøving av anestesi

har inngåande kunnskap om anestesisjukepleiaren si rolle ved pandemiar, beredskap- og krisehandtering ved større ulykker, terror og i krigs- og katastrofeområde

Ferdigheiter:

Studenten…

• kan analysere, vurdere og sjølvstendig ivareta pasientar sin vitale funksjoner i akutte situasjonar i og utanfor sjukehus

• kan bruke kunnskap og ferdigheiter for å handtere akutt- og intensivmedisinske pasientar ved pandemiar og andre beredskapssituasjonar ved katastrofar og større ulykker

• kan anvende kunnskap og ferdigheiter for å prioritere hensiktsmessig i akuttsituasjonar og handle raskt og forsvarleg, slik at pasienten sine livsviktige funksjonar vert oppretthaldt eller gjenoppretta

• kan analysere kommunikasjon og samhandling ut frå pasienten og pårørande sin helsekompetanse og språklege bakgrunn

• kan kommunisere og fremme anestesisjukepleiaren sin rolle og funksjon i profesjonelle samanhengar

Generell kompetanse:

Studenten…

• kan analysere, vurdere og handtere komplekse og kritiske situasjonar i samsvar med helselovgiving og profesjonsetikk

• kan bidra til nytenking og sjølvstendig vurdere behov for og bruk av medisinsk utstyr og digital teknologi til den enkelte pasient, samt forstå og forhalda seg kritisk til moglegheiter og avgrensingar

• kan bidra til nytenking ved utvikling og bruk av ny teknologi ut frå ulike aspektar som tenesteutvikling, innovasjon og informasjonssikkerheit

• kan bidra til at implementering og bruk av digitale verktøy og medisinsk utstyr er fagleg forsvarleg

• kan analysere og kritisk vurdere nasjonale og internasjonale retningslinjers betydning forfaget, og sette det inn i en kontekst for anestesisjukepleiaren si rolle i helsetenesta

• kan analysere og ta sjølvstendig stilling i etiske dilemma og kommunisere disse ut i faglegediskusjonar

• kan analysere betydninga av økonomiske og organisatoriske rammer for å sikre forsvarleg pasientbehandling

• kan analysere og kritisk vurdere samspelet mellom fagets historiske tradisjonar, samfunnets behov og helsetenesta si utvikling

• kan bidra til kvalitetsarbeid, nytenking og i innovasjonsprosessar i klinisk praksis

• kan anerkjenne og respektere kompetansen til andre teammedlemmer og kollegaer, og delta aktivt med sin kompetanse i team i og utanfor si faste arbeidsstad

Krav til forkunnskapar

Følgande emne må vere bestått:

ANE510: Akutte og kritiske tilstandar. Kvalitet pasientsikkerheit og fagleg leiing ianestesisjukepleia,

ANE511: Fysiologi, patofysiologi, farmakologi, anestesiologi og intensivmedisin ianestesisjukepleia,

ANE512: Anestesisjukepleie som fag- og funksjon. Observasjons-, avgjerds- oghandlingskompetanse,

ANEP513: Pasientsikkerheit, teknologi og digital kompetanse i utøvande anestesisjukepleie, og

ANEP514: Samhandling og kommunikasjon i utøvande anestesisjukepleie.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Praksisstudium med vekt på kvalitet, fagleiing og organisering i utøvande anestesisjukepleie. Dagleg rettleiing frå anestesisjukepleiar fortrinnsvis med master- og rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinstitusjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Eit refleksjonsnotat kvar veke. Klinikksamlingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjent for at studenten kan framstille seg tileksamen:

1. Ei oppstartsamtale om læringsutbytte, ei midtvurderingssamtale og ei sluttvurderingssamtale

2. Deltaking på klinikksamlingar

Vurderingsform

Emnet vert vurdert til bestått/ikkje bestått

Ved ikkje bestått praksis, må heile emnet gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt

Meir om hjelpemiddel