Hopp til innhald

BARN120 Barnevernet i velferdsstaten

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I dette emnet vert det lagt til rette for at studenten kan tileigne seg kunnskap om lovverk og lære seg å argumentere juridisk. Emnet har fokus på barnevernsretten, dokumentskriving, stat- og kommunalkunnskap og sosialpolitiske målsetnader med relevans for barnevernsfeltet. Vidare vil studenten lære om sosiologiske omgrep og perspektiv som kan brukast til å forstå individuelle og samfunnsmessige utfordringar i velferdssamfunnet. Perspektiv på etikk, kjønn og etnisk mangfald inngår også i emnet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten…

  • har kunnskap om den norske statsforvaltninga og helse- og sosialpolitiske målsetnadar på barne- og familiefeltet.
  • ha kunnskap om media si rolle i det barnevernfaglege feltet, og ha kjennskap til media som både informasjonskanal og debattkanal
  • har kunnskap om relevante sosiologiske omgrep og perspektiv.
  • har kjennskap til juridisk metode og forvaltningslova, og kva tyding dette har i yrkesutøvinga.
  • har kunnskap om etnisitet omgrepet og ulike kulturomgrep, og om migrasjonsprosessar ved flukt og arbeidsinnvandring.
  • har kunnskap om etiske verdiar og maktforhold i yrkesutøvelsen.
  • kan gjere greie for samfunnsstrukturer som hemmar og fremmar sosial ulikskap, inkludering, likestilling og diskriminering.
  • har kunnskap om samanheng mellom levekår, utdanning og betydningen av arbeidsinkludering.

Ferdigheter: Studenten...

  • kan bruke grunnleggande prinsipp i forvaltningslova.

Generell kompetanse: Studenten...

  • har innsikt i og er medviten om kva tyding institusjonelle og kulturelle rammer har for arbeid med barn og familiar i utsette livssituasjonar.
  • kan formidle munnleg og skriftleg grunntrekka i juridisk metode og kjenne til lova si tyding for yrkesutøvinga.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings og læringsformer vekslar mellom førelesingar, seminar, ferdigheitstrening knytt til dokumentskriving og gruppearbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 80 % frammøte i studentaktiv undervisning og undervisning knytt til gruppearbeid
  2. Individuell oppgåve knytt til dokumentskriving. Omfang: 500 ord +/- 10%. Det vil bli gitt skriftleg tilbakemelding
  3. Munnleg framlegg i grupper frå arbeid med fleirfaglege oppgåver i basisgrupper.

Ved ikkje godkjent skriftleg obligatorisk læringsaktivitet kan ein levere inn revidert versjon ein gong, jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 8- 4.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.

Vurderingsform

Eksamen

Skriftleg skuleeksamen 2 deleksamenar.

Del 1: Barnevernet i verlferdsstaten, 3 timar

Del 2: Jus, 3 timar

Dei to deleksamenane vert vekta 50% kvar. Dersom student får F på ein deleksamen, lyt denne takast på nytt.

Tid og stad for eksamen,sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling og to-språkleg ordliste.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BVP5-105 - Sosialpedagogisk introduksjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng