Hopp til innhald

BARN130 Barn og unges oppvekst og utvikling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane få kunnskap om ulike perspektiv på barn og unge si utvikling. Emnet inneheld perspektiv frå psykologi, sosialpedagogisk arbeid med barn og unge, systemteori, systemteoretiske perspektiv, kommunikasjon og relasjonskompetanse. Psykologi omhandlar generell psykologi, utviklingspsykologi og sosialpsykologi. I sosialpedagogisk arbeid er prinsippa i eit relasjonelt pedagogisk perspektiv og korleis anvende didaktiske prinsipp i sosialpedagogisk arbeid, sentralt. Studentane skal utvikle relasjonskompetanse og lære å sjå samanhengen mellom det personlege og det profesjonelle i profesjonsutøving. Studentane skal gjennomføre ein samtale med eit barn, og få kunnskap om korleis sosiale media er ein del av barn og unge sin oppvekst. Systemteori og systemteoretiske perspektiv vert presentert som eit perspektiv i arbeid med barn, unge og deira familiar.

Læringsutbytte

En student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten…

  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid med barn og deira foreldre, inkludert interkulturell kommunikasjon
  • har kunnskap om mangfaldsperspektiv i arbeid med barn og familiar.
  • har fleirfagleg kunnskap om barn sin oppvekst, utvikling og sosialisering med særleg vekt på barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.
  • har kunnskap om korleis fremje barn si deltaking.
  • har kunnskap om systemteori og korleis systemteoretiske perspektiv vert brukt i arbeid med barn, unge og deira familiar.
  • kjenner til familiepolitiske føringar, ulike former for familieliv og familiekonstellasjonar.
  • har kunnskap om sosiale media som del av barn sin oppvekst.

Ferdigheiter: Studenten…

  • kan kommunisere og samarbeide hensiktsmessig med barn, unge og føresette på måtar som fremjer deltaking.
  • kan bruke erfaring og fleirfagleg kunnskap til å vurdere barns beste og bygge relasjonar i møte med barn og deira foreldre.
  • kan bruke livsformsintervju som samtalemetodikk i samtaler med barn.

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan nytte fleirfagleg kunnskap til å møte og forstå barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar.
  • har innsikt i eigen forforståing, haldningar og verdiar, og kva betydning dette har i kommunikasjon med barn og deira familiar.

Krav til forkunnskapar

Studenten har opparbeida seg eksamensrett i BARN100.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisings- og læringsformer vekslar mellom forelesing, gruppearbeid, skrivearbeid, ferdigheitstrening og rollespel.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 80 % frammøte i undervisning som relatert til gruppearbeid og til ferdighetstrening.
  2. Individuelt refleksjonsnotat i kommunikasjon- og relasjonsarbeid. Omfang: 1600 ord ( +/- 10%)
  3. Gjennomføre eit livsformintervju med eit barn og transkribere intervjuet
  4. Individuelt refleksjonsnotat om eiga læring i å samtale med barn. Omfang: 1200 ord (+/-10%)

Ved ikkje godkjente skriftlege obligatoriske læringsaktivitetar kan ein levere inn revidert versjon ein gong, jfr. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 8- 4

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.

Vurderingsform

Eksamen Mappeeksamen.

Mappa inneheld ei oppgåve. Oppgåva skal være på 3000 ord (+/- 10%). Studenten får ein skrifteleg tilbakemelding undervegs i arbeidet med oppgåva.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BVP5-105 - Sosialpedagogisk introduksjon - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BVP5-106 - Barn og unges kvardagsliv, oppvekst og utvikling - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BVP5-205 - Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering - Reduksjon: 5 studiepoeng