Hopp til innhald

BARN310 Prosjekt i barnevernsfagleg arbeid

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap og erfaring med bruk av prosjekt som arbeidsmåte i barnevernsfagleg arbeid. Gjennom prosjektarbeid i gruppe skal studentane tileigne seg kunnskap og ferdigheiter i deltakardemokratiske metodar, kommunikasjon, samskaping, utviklingsarbeid og innovasjon. Studentane skal jobbe prosjektretta, i tett samarbeid med praksisfeltet. Integrert i dette, vil studentane bli utfordra til å formulere kunnskap i spennet mellom teori og praksis. Prosjektgruppene skal gjennomføre ei undersøking ved kartlegging og datainnsamling med mål om tenesteforbetring eller eit endringsarbeid, i Noreg eller i utlandet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskap: Studenten …

  • har kunnskap om prosjektteori, prosjektorganisering og prosjektleiing.
  • har kjennskap utviklingsarbeid med relevans for prosjektarbeidet.
  • har kunnskap om tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid i forbetringsarbeid.
  • har kjennskap til nytenking og innovasjonsprosessar.

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan nytte prosjektarbeid som arbeidsform.
  • kan anvende kunnskap og kompetanse til å initiere eit prosjekt med relevans for barnevernsfeltet og kunne kople dette til tverrfagleg samarbeid.
  • kan anvende kunnskap frå prosjektarbeid til fagutvikling, kvalitetsforbetring og tenesteinnovasjon.
  • kan presentere resultat av prosjektarbeid både skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan planlegge, gjennomføre, grunngje, evaluere og dokumentere eit prosjektarbeid saman med andre.
  • har kompetanse i samarbeid og kommunikasjon i gruppe.

Krav til forkunnskapar

Alle emne første og andre studieår må vere bestått.

Undervisnings- og læringsformer

I dette emne vert det lagt vekt på studentaktive undervisnings- og arbeidsformer, førelesingar, seminar, rettleiing, og sjølvstendig arbeid i grupper med prosjektarbeid. Gruppene skal vere på 4 - 5 studentar. Alle grupper får tildelt ein rettleiar, og nærvær på rettleiing av prosjektarbeidet er obligatorisk.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen

  1. Seminar
  2. Krav om deltaking på rettleiing av prosjektarbeidet
  3. Prosjektplan for prosjektarbeidet. Omfang 1000 - 1500 ord. Innlevering skjer i grupper.
  4. Prosjektoppgåve. Omfang 4000 - 4500 ord. Innlevering skjer i grupper. Kvar student skal i tillegg levere eit individuelt refleksjonsnotat knytt til eiga rolle og deltaking på inntil 1000 ord.

Alle i gruppene skal bidra til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein eksamenskandidat har bidratt tilstrekkelig til å få uttelling for eit felles produkt, skal dette dokumenterast fra alle gruppemedlemene og emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen. Studenten må da levere ei ny oppgåve til ny eksamen.

Godkjende obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i 3 semester.

Vurderingsform

Prosjektoppgåve i gruppe med felles karakter med justerande individuell munnleg eksamen. Individuelt refleksjonsnotat på inntil ei side skal leggast ved prosjektoppgåva og vere utgangspunkt for justerande individuell munnleg eksamen. Prosjektoppgåva må vere greidd for å få gå opp til munnleg eksamen.

Ramma for studenten sin munnlege eksamen er 25 minutt, og av desse skal studenten førebu ein presentasjon på inntil 5 minutt.

Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakter A-F (F er ikkje greidd)

Ny eksamen: Ved karakter F på prosjektoppgåva, leverer gruppa omarbeidd prosjektoppgåve. Ved karakter F på individuell munnleg eksamen, levere studenten nytt individuelt refleksjonsnotat og gjennomfører ny munnleg eksamen.

Ved neste ordinære eksamen må heile emne takast på nytt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Prosjektoppgåve uten notater

Meir om hjelpemiddel