Hopp til innhald

BARNP515 Kvalitet, fagleiing og organisering i utøvande barnesjukepleie

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet handlar om fagutvikling og fagleiing i utøving av barnesjukepleie. Emnet legg vekt på verdien av ein reflektert og integrert tilnærming til kunnskap basert på forsking. Vidare blir det lagt vekt på eigne og fagfellar sine erfaringar, og pasientar og pårørande sine preferansar for beste praksis i barnesjukepleie. Emnet legg vekt på sjølvstendige vurderingar i utøvinga av barnesjukepleie. Vidare er sjølvstende i å identifisere og utøve barnesjukepleie også i komplekse situasjonar sentralt i emnet. Detblir lagt vekt merksemd på pasienten sin tryggleik, opplevingar og velvære i utøvinga av barnesjukepleie.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter

og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

  • har avansert kunnskap om barnesjukepleie som fag, og barnesjukepleiaren sin funksjon og ansvar i helsevesenet og samfunn
  • har inngåande kunnskapar om og kan reflektere over barnesjukepleiaren sine arbeidsoppgåver, rolle, funksjon og ansvar i ny eller aktuell avdeling
  • har avansert kunnskap om korleis observere, identifisere og vurdere pasienten sine generelle og spesielle behov for sjukepleie med svikt eller ved trussel om svikt i vitale funksjonar
  • kan analysere og formidle kunnskap ift. observasjon, vurdering, planlegging, tiltak og evaluering overfor den akutt/kritisk sjuke pasienten og utføre heilskapleg barnesjukepleiesjølvstendig
  • har kunnskapar om barnesjukepleiaren si rolle og funksjon i det tverrfaglege teamet

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan bruke relevante metodar i utøvinga av barnesjukepleie med respekt for sjuke barn i alle aldrar og deira familie, og kan ivareta deira integritet, autonomi, verdigheit, og høve til å delta i avgjerder
  • kan bruke relevante metodar for å ivareta det friske i barnet og ungdommen, fremjemeistring, oppretthalde håp, livskvalitet og meining
  • kan anvende relevante kunnskapar og ferdigheiter for å leie, planlegge og koordinerebehandlingsforløp, og kan sikre gode pasient overgangar mellom ulike nivå og tenester
  • kan bruke relevante metodar for å sjølvstendig vurdere målgruppa sitt behov og iverksettetiltak i forbindelse med sjukdomsforløpet
  • kan anvende relevant kunnskap for å kommunisere og samhandle i det tverrfaglege teamet ved behandling av akutt og kritisk sjuke og skadde barn i alle aldrar
  • kan prioritere og handle raskt og forsvarleg slik at akutt og/eller kritisk sjuke sine livsviktige funksjonar opprettholdast/gjenopprettast
  • kan sjølvstendig observere, vurdere, iverksette og revurdere tiltak i utøvinga av barnesjukepleie
  • kan planlegge mottak av akutte og labile pasientar sjølvstendig og ta imot i samarbeid medrettleiar
  • kan anvende avansert elektromedisinsk utstyr forsvarleg under behandling og overvaking, og ta omsyn til pasienten sine fysiske og psykiske reaksjonar knytt til bruken av utstyret
  • kan anvende ulike dokumentasjonsformer, kurveføring og medikamentadministrasjon, samtrapportere den utførte sjukepleie
  • kan ha sjølvstendig ansvar for den stabile pasienten
  • kan kommunisere og samarbeide i det tverrfaglege teamet rundt pasienten

Generell kompetanse:

Studenten...

  • kan sjølvstendig utøve barnesjukepleie til pasientar og pårørande
  • kan bidra sjølvstendig til fagutvikling og formidling i barnesjukepleie
  • kan ta initiativ til å reflektere over etiske dilemma med pasient og pårørande, og ta ansvar for å drøfte etiske utfordringar i det tverrfaglege teamet
  • kan vise integrert forståing for pasientsikkerheit i utøving av barnesjukepleie

Krav til forkunnskapar

Bestått emne: BARNP514 - Samhandling og kommunikasjon i utøvande barnesjukepleie

Undervisnings- og læringsformer

Praksisstudium med vekt på kvalitet, fagleiing og organisering i utøvande barnesjukepleie. Dagleg rettleiing frå i hovudregel ein barnesjukepleiar som bør ha rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinstitusjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Klinikksamlingar. Ei veke teori med simulering.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Ein oppstartsamtale om læringsutbytte, ein midtvurderingssamtale, einsluttvurderingssamtale
  2. Til stades på klinikksamlingane
  3. Til stades i simulering tilsvarande ei veke

Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to dei påfølgande semestera.

Vurderingsform

Vurderingsuttrykk:

Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått

Ved ikkje bestått praksis, må heile emnet gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel