Hopp til innhald

BBLDPR301 Praksis 3. år deltid

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Praksis i tredje studieår på barnehagelærarutdanning deltid er på 30 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.

Studentene skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Hovudfokus er studenten si leiing av barn og barnehagen.

Læringsutbytte

Studenten skal i tredje studieår utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk bevissthet. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • stå fram som ein reflektert pedagogisk leiar og fagperson
  • kunne leie barnehagen som lærande organisasjon
  • kunne legge til rette for eit miljø som fremmer og tek vare på leik
  • kunne reflektere over balansen mellom målstyrt pedagogisk leiing og dialog med medarbeiderar, og balansen mellom å ta hensyn til eigne behov og å vere orientert mot andre
  • vise relasjonskompetanse og kunne reflektere kritisk over eiga rolle i kommunikasjon og samarbeid med føresette og kollegaer

Studenten skal ha 5 leiardagar (minimum) i praksis 3. studieår.

Krav til forkunnskapar

Praksis andre studieår (BBLDPR201) må vere bestått for at studenten kan starte denne praksisperioden.

Undervisnings- og læringsformer

All praksis blir gjennomført i barnehage.

Obligatorisk læringsaktivitet

-

Vurderingsform

30 dagar rettleidd og vurdert praksis med krav om 100% frammøte

Karakterskala bestått/Ikkje bestått.

Om praksis ikkje blir bestått, kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Alle 30 dagane må takast på nytt. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.

Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel