BBLDPR401 Praksis 4. år deltid
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Praksis i fjerde studieår på barnehagelærar deltid er på 10 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.
Studentene skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
Hovudfokus: studenten si vidareutvikling av profesjonsretta kompetanse.
Læringsutbytte
Studenten skal fokusere på både eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette. Studenten skal:
- auke sin generelle pedagogiske leiarkompetanse
- stå fram som barnehagelærar og kunne reflektere rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt og fordjupinga spesielt.
Krav til forkunnskapar
Praksis tredje studieår (BBLDPR301) må vere bestått for å starte på denne praksisperioden.
Undervisnings- og læringsformer
All praksis blir gjennomført i barnehage.
Studenten kan ha praksis på eigen arbeidsplass under forutsetning av at studenten får veiledning, variert og vurdert praksis.
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
Obligatorisk: 10 dagar rettleidd og vurdert praksis.
Karakterskala bestått/Ikkje bestått.
Om praksis ikkje blir bestått, kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Alle 10 dagane må takast på nytt. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel