Hopp til innhald

BI424 Botanikk grunnkurs

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Evolusjonær utvikling og systematikk hos landplantar (mosar, karsporeplantar og karplantar), protistar og sopp, og slektskap mellom desse gruppene. Morfologi, livssyklusar og livsformer. Introduksjon til biologisk mangfold hos plantar og sopp, og innføring i floristikk: ca. 360 taxa (artar, slekt, familiar). Bruk av floranøklar. Kurset legg vekk på landplantar, og legg grunnlag for å forstå økologiske mønster og prosessar på samfunns- og økosystemnivå, og for å kjenne att vanlege norske økosystem.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal:

  • Forstå korleis livet har oppstått på jorda, og kjenne hovudtrekka i korleis plantar, sopp og protistar har utvikla seg gjennom evolusjonen.
  • Kjenne til mangfaldet av plantar og sopp, i struktur og i levevis, og korleis det er organisert etter evolusjonært slektskap.
  • Kjenne den generelle morfologien til plantar og sopp.
  • Kjenne vanlege planteartar som er typiske for vanlege norske naturtypar.

Ferdigheiter

Studentens skal:

  • kunne gjere greie for livssyklusar og tilpasningar til livet på land hos utvalde grupper av plantar, protistar og sopp.
  • kunne beskrive kjenneteikn på vanlege norske plantefamiliar.
  • kunne bruke flora og floranøklar til bestemming av plantar.

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne bestemme om lag 100 taxa av sopp, lav og mosar, og om lag 265 taxa av karsporeplantar og karplantar (240 artar og 20-25 slekter/familiar).
  • kunne skrive ein strukturert fagrapport for obligatoriske laboratorieøvingar
  • kunne rapportere funn av artar i offentleg, nettbasert rapporteringsløysing

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, feltundervisning, laboratorieøvingar

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på 5-8 ekskursjonar.

Godkjent laboratoriejournal frå minimum 8 laboratorieøvingar.

Godkjente, skriftlege arbeidskrav: eigenpresentasjon, svare skriftleg på minst ei kollokvieoppgåve, registrering i Artsobservasjoner.

Vurderingsform

1) Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, 67%.

2) Praktisk eksamen, artsprøve, 1 time, 33%.

Den praktiske eksamenen blir berre gjennomført i undervisningssemesteret for emnet (haustsemesteret).

Begge deleksamenane må vere bestått for å bestå emnet.

Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

1) Skriftleg eksamen: ingen

2) Artsprøve: alle ikkje-digitale hjelpemidlar tillate (med unntak av eige, pressa plantemateriale)

Meir om hjelpemiddel