BI435 Landskapsøkologi
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I dette emnet lærer du om idear, perspektiv og spørsmål fra landskapsøkologi, og korleis ein kan bruka landskapsøkologi i arealplanlegging og -forvaltning. Viktige tema som går igjen er: skala, landskapsstruktur, landskapsdynamikk, fragmentering og konnektivitet. Innhaldet i emnet kan delast inn under: (1) økologiske prosessar og mønster i landskapet, (2) verktøy for å beskriva og forstå desse og (3) anvendingar for å ta vare på naturverdiar gjennom arealplanlegging og -forvaltning.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal:
- kunne forklare korleis romleg mønster påverkar økologiske prosessar hos dyr og planter.
- kunne forklare korleis skala påverkar vår forståing av økologiske prosessar og mønster.
- kunne samanlikne naturlege og menneskelege årsaker til landskapsmønster og -dynamikk.
Ferdigheiter
Studenten skal:
- kunne analysere landskapsmønster og -dynamikk kvantitativt.
- kunne tolke resultat frå landskapsøkologiske studiar og nytte kunnskapen frå desse i arealplanlegging og -forvaltning.
Generell kompetanse
Studenten skal
- kunne grunngi val i arealplanlegging og -forvaltning ut frå landskapsøkologiske prinsipp og empiri.
- kunne reflektere over landskapet som et komplekst system og utfordringane denne kompleksiteten byr på i arealplanlegging og -forvaltning.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav.
Tilrådde forkunnskapar
Det er ei føremon med grunnleggende kunnskaper i økologi, geografiske informasjons system (GIS) og statistikk.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, øvingar, studentpresentasjonar av vitskaplege artiklar, problembasert læring, prosjektoppgåve, ekskursjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre obligatoriske læringsaktivitetar i form av:
- godkjend obligatorisk deltaking på ekskursjon og temadag
- gruppepresentasjon av ein vitskapleg artikkel
- godkjend prosjektoppgåve
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjende til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skuleeksamen, 4 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel