Hopp til innhald

BI436 Grønstruktur og urban vegetasjon

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gjev forståing for verdien av og funksjonane til urban grønstruktur, og øving i utforming av grøntanlegg. Det vert gjeve teoretisk innføring i grønstruktur og grøntanlegg, og teoretisk og praktisk kunnskap om lignoser og andre planter som er vanlege i norske grøntanlegg. Bruk av invaderande, framande arter vert problematisert, og det vert lagt vekt på å fremje bruk av egna viltveksande arter.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har kunnskap om:

  • ulike typar av urbane grøne område.
  • funksjonane til og verdien av urban grønstruktur.
  • hovuddraga i den historiske utviklinga av parkar og grøntanlegg.
  • grunnprinsippa for utforming av grønstruktur og grøntanlegg.
  • dei klimatiske og økologiske krava og bruksområda til vanlege planter i norske grøntanlegg.
  • risikoen ved å nytte invaderande framande artar i grøntanlegg, og kunnskap ville planter som kan nyttast som alternativ.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan velje egna planter til grøntanlegg ut frå eigenskapar ved staden og bruken av anlegget og illustrere dette med planar, snitt og andre illustrasjonar

Generell kompetanse

  • Studenten har evne å vurdere innhald i og utforming av grøntanlegg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BI424 Botanikk grunnkurs

PL424 Rom og design

GE413 Kartlære og GIS

BI445 Økologi

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar, ekskursjonar, prosjektoppgåve i utforming av grøntanlegg.

Obligatorisk læringsaktivitet

Registreringsoppgåve i gruppe - gjeld for gruppeeksamen

Deltaking på obligatoriske ekskursjonar

Vurderingsform

1) Mappeinnlevering, individuelt 60 %.

Mappa inneheld 1 skriveoppgåve og 4 øvingsoppgåver.

Alle mappeelementa må vere levert innan gitte fristar for å kunne få vurdering på mappa. Ved stryk kan ein levere ein forbetra versjon av mappe i påfølgjande semester.

2) Gruppeprosjekt, 40 %.

Ved stryk kan gruppa levere ein forbetra versjon av same gruppeprosjekt i påfølgjande semester.

Karakterskala A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1, mappeinnlevering. Individuelt. Alle hjelpemiddel tillatt.

Del 2, gruppearbeid. Alle hjelpemiddel tillatt.

Meir om hjelpemiddel