Hopp til innhald

BIDR100 Aktivitetslære

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje ei grunnleggande opplæring i eit utval idrettar og bevegelsesaktivitetar. Med utgangspunkt i ulike idrettar bevegelses- og treningsformer skal studenten utvikle praktiske ferdigheiter, eigen kroppsleg erfaring og tileigne seg teoretisk kunnskap. Dette skal vidare gje grunnlag for å styrke ferdigheiter i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing av aktivitet for grupper på ulike ferdigheitsnivå og med ulike føresetnadar. Aktiviteten skal og gi ei forståing av fysisk aktivitet sin betydning for vår helsetilstand gjennom livsløpet. For studentar som ynskjer trenarsertifisering i utvalte idrettar (eks. fotball og klatring) må ekstra arbeidsoppgåver påreknast. Grasrottrenar i Norges fotballforbund (NFF) sin trenarstige blir godkjent etter gjennomført emne og tilpassa praksis.

Emnet blir organisert som emnekurs med lærarstyrt og studentstyrt undervisning og eigenaktivitet. Emnet strekker seg over to semester og dei ulike kursa vil variere i omfang. Hovudfokuset i kurset vil være på individuelt nivå m.h.t. ferdigheitslæring og forståing av idrettane/aktivitetane. Det blir gjennomført treningsrettleiing av medstudent, inkludert logg, i tillegg til punktpraksis i aktivitetsleiing med omfang 20 timar fordelt over begge semester. Faglærar saman med student finn eigna praksisplass i nærleiken av campus. Veiledning og oppfølging blir gjort av praksisrettleiar i samarbeid med faglærar. Praksis for fotballstudentar blir gjennomført på klubbnivå. Emnet omfattar også Norges idrettsforbund (NIF) sitt barneidrettstrenarkurs og paraidrettskurs som gjer studentane kvalifisert til å gjennomføra ulike aktivitetar for born under 12 år og for personar med funksjonsnedsetjing.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om eit utval idrettar og bevegelsesaktivitetar
  • har kunnskap over eigen ferdigheitslæring og tilrettelegging for andre i utvalde idrettar
  • har kunnskap som kjenner til forskings - og utviklingsarbeid innafor fagområdet
  • har kunnskap om planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing av trening og aktivitet i ulike alders-, funksjons- og ferdigheitsnivå

Ferdigheiter

Studenten

  • kan øve på og syne sentrale ferdigheiter i aktivitetane
  • kan reflektere over eiga utøving og justere denne under rettleiing
  • kan reflektere over kva tilnærming som fungerer godt i høve ferdigheitsutvikling i nokre utvalde idrettar
  • kan vise ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå i undervisnings- og praksisgjennomføring

Generell kompetanse

Studenten

  • kan delta i samhandling med andre og arbeide sjølvstendig med aktivitetane
  • kan forklare, observere, analysere og vurdere tekniske, taktiske og didaktiske element i aktivitetane
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid
  • kan gjennomføre livredning i vatn og gi livreddende førstehjelp
  • kan utføre hjarte- og lungeredning (HLR) og bruke hjartestartar
  • kan drive variert aktivitet for born under 12 år og for personar med funksjonsnedsetjing
  • kan reflektere over nasjonale og internasjonale utviklingstrendar innan idrettane

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til praktisk undervisning, der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. I einskilde kurs er det òg teoretiske timar og førelesingar. Gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer. Det blir gjennomført punktpraksis i aktivitetsleiing innan idrett, skule eller trening og helsetilbod som del av emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Aktiv deltaking i obligatorisk undervisning skal gje studenten kunnskap om og refleksjon over aktiviteten og kunne samhandle med andre
  • Refleksjonsnotat knytt til utvalgte idrettar og treningsformer der ein får kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innafor fagområdet
  • Punktpraksis innan idrett, skule eller trening og helsetilbod (20 t) skal gje studenten erfaring i å planlegge, organisere, tilrettelegge og rettleie på ulike ferdigheitsnivå
  • Praksisrapport basert på planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetsopplegg
  • Aktiv deltaking i kursa barneidrettstrenaren og tilrettelegging paraidrett frå NIF der ein må samhandle med andre og arbeide sjølvstendig med aktivitetane
  • Gjennomføre livberging i vatn i kombinasjon med HLR

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon (totalt 40 minutt).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel