BIDR203 Ferdigheitslæring
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er oppteken av å forstå og gjera greie for korleis utøvarar i idrett tileignar seg ferdigheitar og kunnskapar på ulike læringsnivå og i ulike læringskontekstar. Det vert lagt vekt på å utforske spørsmål om læringsprosessar som bidreg til ferdigheitslæring frå samfunnsvitskaplege fagområde, pedagogikk og motorikk læring. Emnet ser på heilskapen i læringsprosessen til utøvarar dvs. vegen deira frå nybegynnar til ekspert.
Praksis knytt til emnet er ein punktpraksis med eit omfang på totalt 20 timar. Det vert forventa at studentane finn praksisplassar sjølve og avtale passande dagar / timar / veker med praksisrettleiar. Praksisen handlar om motorisk læring. Studentane vert oppfordra til å finne ulike praksisstadar for eksempel idrettslag, skular, barnehagar, treningssenter der studenten kan sette motorisk læringsteori i samanheng.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om den heilskaplege og nøyaktige skildringa av læringsprosessen til utøvarar dvs. vegen deira frå nybegynnar til ekspert
- har kunnskap om teoretiske og praktiske kunnskapsformer og forholdet mellom dei i ulike idrettskontekstar
- har kunnskap om teoriar og omgrep om ferdigheitslæring frå fagfeltet motorisk kontroll og læring, og kunne bruke denne kunnskapen i praktiske, idrettslege aktivitetar
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for det samansette omgrepet "ferdigheitslæring" frå ulike teoretiske ståstader
- kunne beskrive ulike teoretiske perspektiv på motorisk læring
- kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for typiske forskings- og utviklingsarbeid innan ferdigheitslæring
- kan gjere greie for motorisk utvikling, motorisk læring og motorisk kontroll
- kan gjere greie for utviklingstrekk kring ferdigheitslæring i idrett
- kan analytisk vurdere ulike rørsle- og læringsmiljø
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, praksis, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking på filosofisk kafé med fremlegging av gruppearbeid
- Praksis og praksislogg
Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om å ha kunnskap om den heilskaplege og nøyaktige skildringa av læringsprosessen til utøvarar dvs. vegen deira frå nybegynnar til ekspert, samt ha kunnskap om teoretiske og praktiske kunnskapsformer og forholdet mellom dei i ulike idrettskontekstar. Vidare er det knytt opp til å ha kunnskap om teoriar og omgrep om ferdigheitslæring frå fagfeltet motorisk kontroll og læring, og kunne bruke denne kunnskapen i praktiske, idrettslege aktivitetar.
Vurderingsform
Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon (totalt 40 minutt).
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillate.
Meir om hjelpemiddel