BIDR212 Helsepedagogikk
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet Helsepedagogikk skal gje studentane eit grunnlag for å kunne utøve bevisst leiarskap i rolla som treningsvegleiar og instruktør. Første del av emnet byggar vidare på kunnskap om læringsteori, pedagogikk og kommunikasjon frå emnet Pedagogikk og coaching. Andre del av emnet ser på teoriar og metodar både knytt til endring av vaner og livsmestring og opp mot tilpasning av trening og fysisk aktivitet innen habilitering og rehabilitering.
Studentane skal jobbe aktivt med teoriar og metodebeskrivingar frå førelesingane i ulike praktiske settingar og kunne reflektere over si eiga faglege utøving i møte med andre.
Det er to praksisperiodar i emnet:
a) Arbeidslivpraksis innan førebygging, behandling eller rehabilitering, sammanhengande fire veker
b) Arbeidslivspraksis på treningssenterpraksis med arbeidsmengde tilsvarande to veker
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- kan legge fram og reflektere rundt teoriar om leiing, læring og kommunikasjon med relevans for og instruktør-/rettleiarrolla innan trening og helse
- har pedagogisk kunnskapsgrunnlag som mogleggjer bevisste refleksjonar og vurderingar for planlegging, tilrettelegging, gjennomføring og evaluering av idrett- og treningsaktivitet
- har innsikt i teoriar og metodar knytt til adfersendring og livsmestring
- har innsikt i sentrale perspektiver på aktivitet og deltaking i habilitering og rehabilitering
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende og vurdere ulike lærings- og kommunikasjonsmetodar
- kan nytte ulike rettleiingsteknikkar
- kan planlegge, tilrettelegge og gjennomføre trening og fysisk aktivitet for personar med ulike behov
- kan reflektere over si eiga faglege utøving i møte med andre
- kan innhente, analysere, tolke og presentere data
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre, leie og tilpasse aktivitet ut i frå teoriar om læring og kommunikasjon med relevans for instruktør- og rettleiarrolla innan idrett og helse
- har innsikt i, og erfaring med, ulike rettleiingssmetodar
- har erfaring med praktisk arbeid på innan førebygging, behandling, trening og rehabilitering
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
IDF103 Pedagogikk og coaching
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.
Emnet inneheld arbeidslivpraksis i totalt seks veker.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking i obligatorisk undervisning
- Eit munnleg framlegg i gruppe
- Parvis utprøving av rettleiingsmetodikk med skriftleg refleksjonsnotat
- For arbeidslivspraksis innan førebygging, behandling eller rehabilitering er det krav om godkjent praksis, praksisrapport og deltaking på praksisseminar
- For arbeidslivspraksis på treningssenter er det krav om godkjent praksis
Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om å kunne a) planlegge, tilrettelegge og gjennomføre trening/aktivitet og adferdsendring og b) vise refleksjon rundt teoriar om læring, kommunikasjon, adferdsendring og livsmestring og eiga fagleg utøving i møte med andre.
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen, 5 dagar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate
Meir om hjelpemiddel