Hopp til innhald

BRL103 Friluftsliv og naturguiding I

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Gjennom teoretisk og praktisk undervisning skal studentane tileigne seg basiskunnskap om friluftsliv. I friluftslivsundervisninga blir det lagt vekt på basisfriluftsliv som turplanlegging, orientering, leirliv og bruk av utstyr samt kjennskap om ferdsel på bre, kanopadling, livredning i vann med HLR prøve og naturkjennskap.

Undervisninga i naturkjennskap er gjennomgåande og føregår både i praktisk undervisning ute i felt og teoretisk. Naturkjennskap er delt i tre delar. I vegetasjonslæra blir det fokusert på kva som veks i dei ulike vegetasjonssonene i naturen samt kunnskap om enkelte planter, tre, lav og mosar. I geologien legg ein vekt på landskapsutvikling og landformer i Noreg, indre og ytre geologiske prosesser. Den siste delen, glasiologi, omhandlar kunnskap om brear og bretypar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har:

  • kjennskap til naturguiding og gruppeprosessar i naturen.
  • kunnskap om grunnleggande friluftsliv som kjenneteiknar nærmiljøet i regionen, t.d. i fjell og på fjorden.
  • grunnleggande naturkjennskap. Vegetasjonslære, geologi og glasiologi.
  • grunnleggande forståing for korleis menneske har vore med å forma kulturlandskapet.

Ferdigheiter

Studenten kan/har:

  • grunnleggande ferdigheter i friluftsliv som turplanlegging, orientering, leirliv, mat på tur, førstehjelp og bruk av utstyr.
  • grunnleggande ferdigheter knytt til fleirdagarsturer i skogen og på fjellet, kanopadling, ferdsel på bre.
  • bruke grunnleggande friluftsliv og naturkjennskap inn i rolla som naturguide.
  • praktiske erfaringar med gruppeprosessar og korleis desse verkar inn på læring og opplevingar.

Generell kompetanse

Studenten har/kan:

  • kjennskap og erfaringar med Norske friluftslivstradisjonar og prinsippet om tur etter evne.
  • reflektere kritisk rundt korleis naturen vert nytta både i høve til ikkje-kommersielle og kommersielle aktivitetar.
  • reflektere over samanhengar mellom mestring, samhandling, læring og opplevingar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Refleksjonsnotat blir brukt i samband med ekskursjonar.

Ekskursjonar

  • Introtur, 3-4 dager
  • Naturkjennskap, 3 enkeltdagar
  • Naturkjennskap og bretur, 2-3 dager
  • Skogstur, 5-7 dagar
  • Fjelltur, 5-7 dagar

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering)
  • Obligatorisk oppmøte til all praktisk undervisning
  • Refleksjonsnotat knytt til eiga læring etter kvar tur
  • Gjennomført livredning i vann og HLR i felt

Alle arbeidskrav skal være bestått for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Gradert karakter (A - F).

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel