BRL104 Friluftsliv og naturguiding II
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Dette emnet byggjer på emnet Friluftsliv og naturguiding I eller tilsvarende erfaring. Vi vil i dette emnet gi studentane større kjennskap til interpretasjon og guiderolla. Gjennom teoretisk undervisning og praktiske erfaringar vil studentane i aukande grad få ansvar for gjennomføring av sikre turar. Det vil vere fokus på planlegging og formidling av heilskaplege opplevingar kor aktivitetar, natur- og kulturkjennskap inngår.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal ha:
- kunnskap om ulike teoretiske perspektiv knytt til guiding og interpretasjon, veiledning og gruppehandtering i naturen.
- kjennskap til risikovurdering, sikkerhet og HMS-rutinar knytt til naturbaserte aktiviteter.
Ferdigheiter
Studenten har:
- grunnleggande ferdigheiter innan friluftsliv i ulike naturmiljø.
- erfaring med bruk av ulike formidlingsteknikkar som naturguide.
- erfaring med å finne fram til og fleksibelt nytte lokal natur- og kulturkjennskap inn i rolla som naturguide.
- praktiske erfaringar med gruppeprosessar og korleis desse verkar inn på læring og opplevingar.
- praktiske erfaringar knytta til planlegging og gjennomføring av turar med deltakarar.
Generell kompetanse
Studenten har/kan:
- kjennskap og erfaringar med norske friluftslivstradisjonar og prinsippet om tur etter evne.
- kjennskap til korleis ein som naturguide kan formidle berekraftig bruk av natur gjennom eigne haldningar og handlingar
- evne til kritisk refleksjon rundt eigen rolle som naturguide og formidlar, og evne til å justere eigen praksis under rettleiing.
- reflektere over samanhengar mellom mestring, samhandling, læring og opplevingar.
Krav til forkunnskapar
Fullført BRL103 Friluftsliv og naturguiding I eller tilsvarende
Tilrådde forkunnskapar
Friluftsliv og naturguiding I - BRL103 eller tilsvarende fag.
Og/eller omfattende friluftslivserfaring.
Undervisnings- og læringsformer
Ekskursjonar med varigheit frå 1-4 dagar, førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Studentpresentasjonar og evaluering av medstudentar og seg sjølve. Refleksjonsnotat blir brukt i samband med ekskursjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering)
- Obligatorisk oppmøte til all praktisk undervisning
- Refleksjonsnotat knytt til eiga læring etter kvar veiledertur
- Gjennomføre og bestå oppgåve knytt til praktisk formidling for ei gruppe
- Eit skriftleg individuelt arbeidskrav. Bestått/ikkje bestått
Alle arbeidskrav må være bestått for å gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Individuell skriftleg heimeeksamen, 3-dager. Gradert karakter (A - F).
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler.
Meir om hjelpemiddel