EM6-1001 Praktisk eigendomsmekling 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i:

  • eigedomsmeklaren si rolle, oppgåver og ansvar
  • etikk og god meklarskikk
  • eigarformer og leigeforhold
  • finansiering av bustad
  • gjennomføring av salsoppdrag for bruktbustader
  • marknadsføring av bustader
  • bodgjeving
  • kontraktsskriving

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Gjere greie for reglane som regulerer meklaren si rolle, arbeidsoppgåver og ansvar overfor kundar, publikum, offentlege styresmakter og eigedomsmeklarbranjsen. 

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne løyse juridiske og praktiske problemstillingar innenfor emnet sitt tema.

Generell kompetanse:

Studenten skal ha eit bevisst forhold til mimimunsrettighetene dei lovfesta rettsreglane gir.

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske eksempel. Det er nødvendig med aktivt sjølvstudium (studiebok) og eiga førebuing til oppgåver som skal drøftast i plenum.

Det er obligatorisk studietur i EM6-1001 Praktisk eigedomsmekling 1. Studentane må rekne med ei eigenbetaling for delar av ekskursjonen.

Arbeidskrav

Eitt oppgåvesett. Individuell oppgåve. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling eller sætrykk av lover, og dessutan NEF si handbok.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • EM6-100 (1) - Praktisk eiendomsmegling 1 - Reduksjon: 5,5 studiepoeng