Hopp til innhald

EN313 Innovasjon, studentbedrift og berekraft 2

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Innovasjon, studentbedrift og berekraft 2 er eit tilbod til studentar ved Høgskulen på Vestlandet. Studietilbodet er òg ope for eksterne søkjarar. EN313 overlappar med EN312 (10 sp).

Emnet går over to semester med studiestart i første halvdel av oktober og avsluttande eksamen innan utgangen av mai neste semester. Det blir lagt opp til sju samlingar der ein del av samlingane vil vere nettbaserte. Dei resterande samlingane blir fordelte mellom studiestadane Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord. Vi tek atterhald om at det er nok søkarar på den einskilde studiestad til at vi kan forsvare å ha fysiske samlingar.

Innhald:

  • Innføring i innovasjon - kreativitet og kreative prosessar
  • Utvikling av forretningsidé studentbedrift
  • Arbeid med forretningsmodell - økonomi, marknadsføring, sal
  • Drift av studentbedrift - registrering i Brønnøysund
  • Gjennomføring og nedlegging av studentbedrift
  • Innføring i nettverksteori og teoriar rundt samarbeid og samarbeidsrelasjonar
  • Gjennomføring av samarbeidsprosjekt knytt til studentbedrift eller samarbeidsprosjekt knytt til eit bedriftscase.

Registrering, drift og avvikling av studentbedrift er eit sentralt arbeidskrav på emnet. Gjennomføring vil føregå etter mal frå Ungt Entreprenørskap (UE). For å kunne starte og drive studentbedrift er det eit krav frå UE om at det må det vere minimum to studentar pr. studentbedrift.

I studiet lærer du:

  • Om entreprenørskap, innovasjon, nyskaping, berekraft og verdiskaping.
  • Å etablere, drive og avvikle ei studentbedrift.
  • Å utvikle ein forretningsidé relatert til eiga studentbedrift.
  • Å setje eigen forretningsidè, og drift av studentbedrift, inn i ein berekraftig samanheng
  • Å utvikle ein forretningsmodell for studentbedrifta basert på verktøyet Business Model Canvas.
  • Om økonomien i ei studentbedrift, setje opp eit budsjett, føre rekneskap, sal og marknadsføring.
  • Å utvikle idèar og løysingar i samarbeid med relevant arbeidsliv og andre samarbeidspartar
  • Om nettverksbygging og samarbeid internt og eksternt
  • Kjennskap til, og kunnskap om relevant nærings- og arbeidsliv.

Gjennom studiet vil du få høve til å lære om kreative og innovative prosessar og korleis du som student kan bidra til utvikling, realisering og kvalitetsikring av nye produkt/tenester innan eige fagområde. Du vil også få kunnskap om korleis du kan setje dine produkt og tenester i eit berekraftig, miljømessig og etisk perspektiv.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha kunnskap om entreprenørskap i eige fag/fagområde, med fokus på økonomi, marknadsføring, sal og entreprenørielle haldningar/ferdigheiter
  • skal ha kunnskap om innovasjon - med fokus på kreativitet og kreative prosessar, utvikling av forretningside
  • skal kunne planlegge, gjennomføre og legge ned eiga studentbedrift
  • skal etter opplæringa ha kunnskap om korleis ein kan skape gode samarbeidsrelasjonar mellom studentar og relevant arbeids- og næringsliv
  • skal få kunnskap om nettverk og nettverksbygging

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling, kvalitetssikring og realisering av nye produkt/tenester innan eigne fagområde
  • setja desse i eit miljømessig og etisk perspektiv
  • utarbeida ein forretningsplan/forretningsmodell - inkludert marknad, økonomi/rekneskap, sal/marknadsføring
  • lage stand og reklamemateriell knytt til eiga studentbedrift
  • planlegge og gjennomføre faglege samarbeid med aktuelle samarbeidspartar basert på forretningsidéar i eigne studentbedrifter eller eit sjølvvalt bedriftscase
  • synleggjere og beskrive verdien av samarbeidet internt blant medstudentar og eksternt med arbeids- og næringsliv

Generell kompetanse

Studenten

  • vil kunne bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap. Dette vil skje gjennom deltaking i utvikling, kvalitetsikring og realisering av nye produkt/tenester innan eigne fagområde
  • får innsikt i etiske, miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og tenester dei har utvikla innan sine fagområde
  • vil kunne kommunisere og samarbeide i grupper med andre studentar, og ta ansvar for utvikling av eigen prosjektidé
  • vil gjennom faglege nettverk dele erfaringar med andre studentar, og bidra til tverrfagleg fornying og utvikling av fagfeltet
  • vil kunne bidra til nettverksbygging og samarbeid med eksterne aktørar
  • får innsikt i nettverksbygging og samarbeid på tvers av fag og institusjonsgenser
  • får innføring i sentrale nettverksteoriar og korleis ein kan implementere dette i praktisk arbeid med eigen studentbedrift / sjølvvalt bedriftscase
  • vil gjennom faglege nettverk dele erfaringar med andre, og bidra til tverrfagleg fornying og utvikling av fagfeltet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Teoretisk/praktisk innføring i tema, med vekt på dialogbaserte førelesingar, prosess/gruppearbeid.
  • Arbeid med eiga studentbedrift/utvikling av forretningsidé og forretningsmodell.
  • Samarbeid med førelesarar og mentorar frå næringslivet. Førelesarar og mentorar fylgjer opp arbeidet til studentane mellom samlingane gjennom arbeidskrav og mellomliggande arbeid.
  • Rettleiing frå Ungt Entreprenørskap undervegs på oppstart, drift, innhald og avvikling av studentbedrifta.
  • Arbeid med utvikling av samarbeidsprosjekt knytt til eigen forretningsidè i studentbedrift eller eit sjølvvalgt bedriftscase

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Innlevering grunnskisse forretningsidé
  • Studentane skal registrere studentbedrift på Ungt Entreprenørskap sine nettsider og i Brønnøysundregisteret
  • Innlevering og presentasjon av forretningsmodell etter mal frå Business Model Canvas
  • Presentasjon av prototype eller fullverdig tjenestebeskrivelse
  • Innlevering av eit refleksjonsnotat der studenten reflekterer over eiga læring og utvikling av studentbedrifta knytt til sentrale tema som berekraft, verdiskaping, innovasjon og forretningsutvikling
  • Utarbeide plan og idèplakat for samarbeid med eksterne som innheld konkrete forslag til løysingar på problemstillingar i eigen studentbedrift eller eit sjølvvalgt bedriftscase.
  • Dokumentasjon av gjennomført samarbeidsprosjekt (vel eit av alternativa):
    • ALTERNATIV 1: Synleggjere implementering og gjennomføring av samarbeidsprosjektet gjennom presentasjon for faglærarar, medstudentar og representantar frå arbeids- og næringsliv
    • ALTERNATIV 2: Dokumentere gjennomføring av samarbeidsprosjektet gjennom ein 3 minuttars videopitch som involverer uttaler frå samarbeidspartnarane

Vurderingsform

Del 1: Skriftleg gruppebasert oppgåve. Oppgåva skal være på 7000 ord +/- 10%.

Sluttrapport studentbedrift, der ein reflekterer rundt innovasjonsprosess, verdiskapingspotensiale, berekraft, utvikling av forretningsmodell og gjennomføring av studentbedrift. Kvar studentbedrift leverer inn ein rapport (gruppeinnlevering). Rapporten skal skrivast etter Ungt Entreprenørskap sin mal for studentbedriftrapport.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve. Det blir ikkje gitt tilbod om rettleiing til ny eksamen. Det er ikkje mogeleg å levere forbetra versjon av bestått gruppeoppgåve.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Del 2: Skriftleg individuell oppgåve. Oppgåva skal være på 3000 ord +/- 10%.

Studenten skal beskrive samarbeid og samarbeidsprosessar med sine samarbeidspartar. Kvar student leverer inn ein rapport.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel