Hopp til innhald

ENU802N Engelsk 1, emne 2 - Engelsk språk, litteratur og kultur med fagdidaktikk 2

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Engelsk 1 for 5.-10. trinn består av to emne på 15 studiepoeng: Engelsk 1, emne 1 og Engelsk 1, emne 2. Dette er emne 2.

Emneskildringa for engelsk bygger på Nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning 5.- 10. trinn fastsett av Kunnskapsdepartementet 17. oktober 2018, og gjeldande læreplanverk for engelsk LK20.

Studiet rettar seg mot lærarar i grunnskulen, mellom- og ungdomsskuletrinnet, som manglar formell kompetanse i engelsk frå før.

Studiet er heilt nettbasert, og føregår både synkront og asynkront. Gjennom dette vert det nytta ulike digitale ressursar og arbeidsmåtar i faget, som legg vekt på studentaktive læringsformer. Kandidatane får òg høve til å prøva ut relevante digitale ressursar i klasserommet, og gjennom erfaringar med desse, refleksjonar, drøftingar med undervisarar, medstudentar og kollegaer i tillegg til ei teoretisk tilnærming, vil studiet auka den profesjonsfaglege digitale kompetansen til kandidatane generelt, og innanfor engelskfaget spesielt.

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen tilbys som en del av undervisningen i dette emnet, men er ikke obligatorisk. Det vil derfor bli tilbudt et alternativt opplegg for de som velger ikke å dra. Reiseutgifter, opphold og kursavgift betales av den enkelte student. Se https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/

Engelsk 1 for 5-10 gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk og gir vidare innføring i eit rikt og variert utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervising på mellom- og ungdomstrinnet. Emnet omfattar kunnskap om det engelske språkets grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eigen språkferdighet, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. Det som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling, er sentrale tema. Språket si kulturelle forankring er også ein del av emnet. I tillegg blir det lagt vekt på varierte aktivitetar og oppdaterte metodar for engelskopplæringa i grunnskulen.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har god kunnskap om lydsystemet i engelsk, ordtilfanget og språket sin grammatiske struktur samt innsikt i kulturelle konvensjonar for språkbruk
  • har kunnskap om engelsk som verdsspråk og utviklinga av engelsk si rolle som kontaktspråk for menneske frå ulike land og kulturar og betydninga språket har for internasjonalisering innan utdanning og arbeidsliv
  • har kunnskap om samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i utvalde engelsktalande land
  • har kunnskap om og forståing for det fleirkulturelle samfunnet
  • har kjennskap til sjangrar og deira sentrale kjenneteikn, samt normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
  • har god innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggande ferdigheitene i engelskfaget og leggje til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomstrinn, samt legge til rette for aktivitetar som fremmar djupnelæring
  • har kunnskap om språklæringsteoriar samt strategiar, metodar, vurderingsverktøy og vurderingsformer som fremmer språkutvikling, inkludert kunnskap om nasjonale prøvar og kartleggingsverktøy
  • har kjennskap til læreplan for engelskfaget i skulen og forholdet til det europeiske rammeverket for språk
  • har kjennskap til læringsressursar som kan brukast i opplæringa, samt ulike læringsarenaer, eksempelvis digitale media.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan snakke engelsk sikkert og funksjonelt og vere ein god språkmodell for elevane
  • kan skrive engelsk sikkert og funksjonelt og vere ein god språkmodell for elevane
  • kan rettleie elevar i deira språkutvikling gjennom å gjere dei bevisst på korleis språket er bygd opp, slik at dei kan gjere seg nytte av forskjellar og likskapar mellom morsmålet og engelsk
  • kan analysere, velgje ut og leggje til rette for arbeid med engelskspråkleg litteratur for barn og ungdom, samt nytte eit presist og tilpassa omgrepsapparat i arbeidet med tekst
  • kan legge til rette for elevar sitt arbeid med utforsking av levesett, samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i utvalde engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur, med hovudvekt på skriftlege, munnlege og samansette tekstar for barn
  • kan nytte fagkunnskapen didaktisk og reflektert i forhold til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eigen undervising
  • kan planlegge, leie og vurdere elevar sitt læringsarbeid på ein måte som tar omsyn til mangfaldet i elevgruppa når det gjeld ulike behov og ulik kulturell og språkleg bakgrunn
  • kan legge til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid forankra i teori og eigen erfaring, som fremmer djupnelæring og vidareutvikle dei grunnleggande ferdigheitene for alle elevar og aktivt gjere nytte av elevane sine erfaringar med engelsk
  • kan utøve ein heilskapleg vurderingspraksis og grunngje vurderingane, og legge til rette for elevane si sjølvstendige språklæring ved å bevisstgjere dei i val av læringsstrategiar
  • kan kritisk vurdere og bruke eigna lærebøker og andre læremidlar
  • kan bruke digitale læringskjelder og verktøy på ein kritisk måte i eigen kunnskapsutvikling og i pedagogisk arbeid med elevar

Generell kompetanse

Studenten

  • har god kompetanse i engelsk
  • kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk
  • kan reflektere over si rolle som engelsklærar med omsyn til etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for born og unge sin personlege vekst faglege utvikling
  • kan identifisere problem knytt til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • kan vedlikehalda og utvikla eigen språkleg og didaktiske kompetanse og bidra til fagleg utvikling og nytenking

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Engelsk 1, emne 1 eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Det blir lagt vekt på varierte arbeidsformer som førelesingar, gruppe- og prosjektarbeid på nett. Det vert òg lagt opp til ein del individuelt arbeid. All undervising i faget føregår på engelsk, og øvingsaspektet er heilt sentralt i arbeidet med faget.

Det som vert formidla i undervisinga kan komma i tillegg til det som står på pensum lista, og vil bli rekna som pensum. Ikkje alle tekstane på pensum lista vert gjennomgått, så deler av pensumet i dei enkelte emna på derfor lesast som sjølvstudium.

Studiet er heilt nettbasert. Canvas blir brukt som kommunikasjonssystem og læringsplattform.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Levere inn og ta imot rettleiing på utkast av semesteroppgåva som er relatert til eit klasseromretta didaktisk prosjekt i litteratur/kultur.
  • Ei oppgåve i språk (didaktikk)

Det vil bli gitt retningslinjer for kvar læringsaktivitet.

Det vert stilt krav om at minst ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane vert knytt til kunnskapsdeling i eige kollegium og minst ein frå leiinga.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette frister for å få gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent dei obligatoriske læringsaktivitetane kan få eitt nytt forsøk undervegs i studieåret, men maksimalt to forsøk per semester.

Godkjente læringsaktivitetar er gyldige i tre påfølgjande semester.

Vurderingsform

Del 1: Semesteroppgåve i litteratur/kultur og -didaktikk, 1500-2000 ord. Tel 50 % av endeleg karakter.

Del 2: Digital kunnskapsprøve i språk og -didaktikk, 3 timar. Tel 50 % av endeleg karakter.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått takast opp att åleine.

Dersom semesteroppgåva (del 1) ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Alle hjelpemiddel er tillate.

Del 2: Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel