ENU804N Engelsk 2, emne 2 - Mangfald i språk, tekst og kultur
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Engelsk 2 er sett saman av to emne på 15 studiepoeng. Dette er emne 2. Emneplanen for engelsk byggjer på Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning trinn 5-10 og gjeldande læreplanverk for engelsk, LK20.
Engelsk 2 byggjer på Engelsk 1 og gjev større innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på mellom- og ungdomstrinnet. Det omfattar òg vidareutvikling av studentane sin eigen språkferdigheit og tekstkompetanse. Det gjev ei innføring i eit rikt og variert utval tekstar både til vidare personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Engelsk litteratur vert lesen i eit kulturelt og historisk perspektiv. Studiet gjev djupare kunnskapar om grammatisk og fonologisk struktur i det engelske språket, i tillegg til å fokusera på kva som kjenneteiknar elevar på mellom- og ungdomstrinnet og deira språkutvikling.
Emne 2 fokuserer på det store mangfaldet i den engelskspråklege verda. Hovudtemaa i kurset er språkleg og kulturell variasjon, kunnskapar om samfunnstilhøve, interkulturell kompetanse og kritisk lesing. Mangfaldet i klasserommet er òg framheva gjennom tema som fleirspråklegheit og vurderingspraksis. Det vert oppmoda til kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæringa, mellom anna gjennom eit praksisretta utviklingsprosjekt.
Studietur til Det norske studiesenteret i York er ein del av emnet. Turen omfattar fem dagars undervisning ved studiesenteret. Deltakarane må sjølve dekkja utgifter til reise, opphald og kursavgift. Sjå: https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/
Studieturen er ikkje obligatorisk, og studentar som ikkje deltek, får tilbod om eit alternativt opplegg.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har god kunnskap om grammatisk og fonologisk struktur i engelsk og om tileigning av ordforråd
- har kunnskap om engelske uttalevariantar og om kulturelle konvensjonar for munnleg språkbruk
- har kunnskap om interkulturell kompetanse
- har kunnskap om engelsk som verdsspråk og kva dette tyder for utviklinga av språkleg, kommunikativ og interkulturell kompetanse
- har kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs i klasserommet
- har god kunnskap om samfunnsliv, historie og eit rikt utval kulturuttrykk i engelsktalande land, mellom anna sentrale verk i engelskspråkleg litteraturtradisjon
- har god kunnskap om struktur og språklege verkemiddel i tekstar, og om kritisk lesing
- kjenner til eit rikt utval songar, rim, litteratur, film og andre kulturelle uttrykk som kan brukast i undervisninga på mellom- og ungdomstrinnet
- har god kunnskap om vurderingspraksis som reiskap for læring, inkludert undervegsvurdering og elevmedverknad i vurderingsprosessar
- har djupare innsikt i ulike læringsaktivitetar, arbeidsmåtar og læremiddel i engelskopplæringa, inkludert digitale ressursar, og kunnskap om ulike måtar å organisera opplæringa på
Ferdigheiter
Studenten
- kan snakka og skriva engelsk sikkert og funksjonelt i ulike sjangrar og situasjonar
- kan munnleg og skriftleg analysera, tolka og samanlikna tekstar for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon
- kan velja ut og leggja til rette for arbeid med engelskspråklege tekstar for born på ein variert, utfordrande og inspirerande måte, samt bruka eit presist og tilpassa omgrepsapparat i arbeidet med tekstane
- kan leggja til rette for elevar si læring om og vidare utforsking av samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i engelsktalande land med vekt på samanlikning med eigen kultur, blant anna i tverrfaglege prosjekt
- kan planleggja, organisera, gjennomføra og kritisk vurdera varierte og differensierte læringsaktivitetar, som fremjar djupnelæring, integrering av ulike språkferdigheiter, dei tverrfaglege temaa i engelskfaget og utviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene, inkludert digitale ferdigheiter
- kan leggja til rette for ein heilskapleg vurderingspraksis og bruka undervegsvurdering for å rettleia elevar i engelskopplæringa
- kan vurdera kritisk eigen fagleg praksis i høve til gjeldande læreplan i engelsk for grunnskulen
Generell kompetanse
Studenten
- har høg engelskspråkleg kompetanse
- kan reflektera kritisk over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for personleg vekst og fagleg utvikling hos born og unge
- kan arbeida sjølvstendig og saman med andre for å identifisera, analysera og løysa problem knytt til engelskfaget
- kan vedlikehalda og utvikla eigen språkleg og didaktisk kompetanse og bidra til fagleg utvikling og nytenking
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Engelsk 2, emne 1, eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er nettbasert, og undervisninga er både synkron og asynkron. Den synkrone delen av digitalundervisninga er ei totimarsøkt ein gong i veka, men i somme høve kan økta bli erstatta av asynkrone aktivitetar. Det vert nytta ulike digitale ressursar og arbeidsmåtar, som legg vekt på varierte og studentaktive læringsformer. Dette gjev studentane erfaring med digitale ressursar og arbeidsmåtar, i tillegg til å leggja til rette for refleksjon kring kva digitale omgjevnader har å seia for læring i engelskfaget. Nokre døme kan vera førelesingar, individuelt arbeid, gruppearbeid, omvend undervisning, drøftingar, samskriving, og formativ vurdering. Studentane sin eigen klasseromspraksis vil òg vera sentral i emnet, og emnet inneheld eit didaktisk utviklingsprosjekt.
All undervisning i faget er på engelsk, og øving i både munnleg og skriftleg engelsk er sentralt i studentane sitt arbeid med faget. Det som vert formidla i undervisninga, kan komma i tillegg til det som står på pensumlista og vert rekna som pensum. Ikkje alle tekstane vert gjennomgått, og ein må rekna med ein del sjølvstudium.
Kontakt emneansvarleg dersom du har spørsmål om pensum og undervisning.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Førebu, gjennomføra og evaluera kunnskapsdeling i eige kollegium. Studenten vel eit emne i anten språk- eller litteratur-/kulturdidaktikk. Emnet skal presenterast for kollegaer og minst éin person frå leiinga.
- Ei skriftleg oppgåve knytt til anten språk- eller litteratur-/kulturdidaktikk. Studenten vel motsett fagområde av kollegapresentasjonen.
Det vil bli gitt retningslinjer for kvar læringsaktivitet. Minst ein av læringsaktivitetane må vera knytt til kunnskapsdeling i eige kollegium.
Læringsaktivitetane må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet, kan få eitt nytt forsøk undervegs i studieåret, men maksimalt to forsøk per semester.
Vurderingsform
Munnleg eksamen (digital) på engelsk, 30 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel