FAL852 Fysisk aktiv læring i folkehelse og livsmeistring
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet tek utgangspunkt i å fasilitere utviklingsprosessar i profesjonsfellesskapet knytt til folkehelse og livsmeistring og fysisk aktiv læring i skulen. Ein legg vekt på korleis det kan bli ein berekraftig del av skulen sin undervisningspraksis.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studentane ha følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om forsking og teoretiske perspektiv på folkehelse og livsmeistring
- har kunnskap om fasilitering av prosessar for erfaringsdeling og utvikling i profesjonsfellesskapet
- har inngåande kunnskap om kva relevante styringsdokument seier om læring, danning og folkehelse og livsmeistring
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide i profesjonsfellesskapet med å utvikle læringsmiljø som ivaretar elevane si helse og livsmeistring
- kan kritisk anvende kunnskap om å drive reflekterande utviklingsprosessar og erfaringsdeling om fysisk aktiv læring og folkehelse og livsmeistring i profesjonsfellesskapet
Generell kompetanse
Studenten
- kan identifisere skulen sine behov innan fysisk aktiv læring og folkehelse og livsmeistring, og legge til rette for og leie utviklingsprosessar i profesjonsfellesskapet
- kan bruke kunnskap om fysisk aktiv læring inn mot folkehelse og livsmeistring, og bidra til at det blir ein del av skulen sin undervisningspraksis
- kan kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor folkehelse og livsmeistring både til spesialistar, kollegaer i skulen og allment
Krav til forkunnskapar
Fullført FAL801 (15 sp)
Tilrådde forkunnskapar
Har kjennskap til FALtastisk.com
Undervisnings- og læringsformer
- Arbeid med nettressursar t.d. videoar og litteratur
- Tre obligatoriske dagssamlingar på nett (zoom)
- Gjennomføring i eigen praksis
- Vurderings- og refleksjonsprosessar
Obligatorisk læringsaktivitet
Gjennomføre tre obligatoriske læringsaktivitetar som er førebuing til samlingane. Dette inneber framlegging av arbeid på samlingar og arbeid med praksisbaserte oppgåver (individuelt og i grupper) mellom samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal studenten få skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitet får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Læringsaktivitane må vera godkjent seinast tre veker før eksamen.
Vurderingsform
Munnleg eksamen på nett (Zoom) ca. 20 min.
Vurdering: Greidd/ikkje greidd
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel