Hopp til innhald

FK214 Matematikk forkurs, tresemesterordning

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet tar for seg fleire av matematikkens ulike disiplinar, som

  • Aritmetikk og algebra
  • Mengdelære, likningar og ulikskapar
  • Generell geometri
  • Trigonometri
  • Funksjonar
  • Grenseverdiar og kontinuitet
  • Derivasjon
  • Trigonometriske funksjonar
  • Eksponential- og logaritmefunksjonar
  • Vektorar
  • Integrasjon
  • Talfølgjer og rekker

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om matematikk som fundament for dagens teknologiske samfunn.
  • Kandidaten har kunnskap om matematiske tema som er grunnleggjande for teknologiske fag.
  • Kandidaten kjenner til faget sine sentrale metodar og kan definere og forklare dei viktigaste omgrepa i geometri, algebra og funksjonar.
  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om bruk av digitale verktøy til utrekningar og visualisering.

Ferdigheiter

  • Kandidaten har solide rekneferdigheiter i algebra og det generelle grunnlaget i matematikk til å kunne fortsette på ingeniørutdanning.
  • Kandidaten kan løyse problem innanfor hovudområda geometri, algebra og funksjonar.
  • Kandidaten kan bruke rekneferdigheiter i matematikk på praktiske problemstillingar og problemstillingar frå fysikk.
  • Kandidaten kan uttrykkje seg presist ved bruk av matematisk notasjon.
  • Kandidaten kan bruke enkel kalkulator med grafisk display til å utføre utrekningar, løyse likningar og teikne grafar.

Generell kompetanse

  • Kandidaten har evne til abstrakt tenking og forståing for korleis logisk og analytisk tankegang blir brukt innan matematikkfaget.
  • Kandidaten kan reflektere over mulege bruksområde for dei ulike hovudområda i emnet.
  • Kandidaten kan kommunisere med andre om realfaglege problemstillingar ved å nytte matematiske omgrep og storleikar.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveløysing individuelt og i gruppe (til saman ca. 170 timar).

Emnet vert undervist intensivt om sommaren. Eksamen blir før ordinær studiestart. Det blir gitt moglegheit til å ta ny eksamen før oppmeldingsfristen for haustemna går ut.

Då dette emnet er opptakskrav på ingeniørutdanninga, må det vere bestått før ein kan melde seg opp til haustemna på ingeniørutdanninga.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 90% frammøte.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5 timar.

Bokstavkarakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjente formelsamlinger i matematikk og fysikk. Godkjent enkel kalkulator.

  • Godkjente kalkulatorer er: Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)
  • Eksempler på godkjente formelsamlinger: Gyldendals tabeller og formler i matematikk/fysikk, Aktiv formelsamling i matematikk for videregående skole, Fagbokforlaget
  • Lærebok (Sinus Forkus - Grunnbok)

Meir om hjelpemiddel