Hopp til innhald

FRIB200 Friluftsliv haust – fjord og fjell

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Gjennom teoretisk og praktisk undervisning skal studentane tileigne seg basiskunnskap om geologi, bre- og vegetasjonslære. I geologi og brelære blir det lagt vekt på landskapsutvikling og landformer i Norge, indre og ytre geologiske prosessar og kunnskap om brear og bretypar. I vegetasjonslæra blir det fokusert på kva som veks i dei ulike vegetasjonssonene i fjellet, samt kunnskap om enkelte planter, tre, lav og mosar. Friluftsliv si kulturhistorie frå fjord og fjell i regionen blir kopla saman med dei lokalitetane som blir nytta. I emnet ligg også Norges Padleforbund (NPF) sitt teknikkurs hav og Norges Klatreforbund frå Inne til Ute klatring.

Ekskursjonar:

  • Havkajakk (NPF teknikk-kurs), to dagar
  • Kystfriluftsliv, to dagar
  • Naturkjennskap, to dagar
  • Fjellferd, fem dagar
  • Sportsklatring frå inne til ute, to-tre dagar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale landskapsformer i regionen og innsikt i geologiske (indre og ytre) prosessar
  • har kunnskap om karakteristiske planteartar og vegetasjonstypar i regionen
  • har kunnskap om ulike økosystem
  • har kunnskap om sentrale bergartar og brelære
  • har kunnskap om grunnleggande friluftsliv som kjenneteiknar nærmiljøet i regionen, t.d. i fjellet og på fjorden
  • kan anvende kunnskap om fedsel i fjellet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere fleire dagars vandretur med telt i fjellet
  • kan beherske orientering, leirliv og utstyrslære knytt til overnatting i fjellet
  • kan utføre god padleteknikk i havkajakk
  • kan sportsklatre trygt ute etter metodesett til NKF

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle friluftsliv kunnskap om kultur og natur i regionen
  • kan vurdere fare ved generell friluftsliv ferdsel og spesifikk fare knytt til havpadling og sportsklatring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø. Gjennomført NPF grunnkurs hav og NKF brattkort.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet nyttar i stor grad praktisk undervisning ute og ekskursjonar der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. Turplanlegging og teori vil og formidlast gjennom førelesingar på campus. Gruppe- og individuelt arbeid inngår og som ein viktig del av emnet. Refleksjonsnotat blir brukt i samband med enkelte ekskursjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering)
  • Skriftleg gruppeinnlevering av turplan til fem dagars fjellferd
  • Refleksjonanotat knytt til naturkjennskap

Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om sentrale landskapsformer, plantearter og vegetasjonstypar i regionen, samt å planlegge fleire dagars tur i naturtypane i regionen.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar.

Eksamen er delt i to delar: Vegetasjon og geologiske prosessar. Begge delar må vere bestått.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel