FRIB201 Friluftslivspedagogikk
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Friluftslivspedagogikk gjev ei vidare innføring i ulike perspektiv på pedagogisk arbeid i friluftslivkontekstar. Emnet søker å bidra til bevisstgjering rundt ulike måtar å skape vilkår for læring og opplevingar i natur. Stad, læring, erfaringer, rettleiing og helse, miljø og sikkerheit er sentrale tema i emnet. Emnet legg opp til at studentane skal lære å reflektere kritisk om pedagogiske perspektiv igjennom gruppediskusjonar, praktisk aktivitet og tekstarbeid.
Ekskursjonar:
- Friluftsliv i skogen: fem dagar
- Veiledertur: tre dager
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om nærmiljøets relasjonelle betyding for leik, læring, erfaringar og opplevingar i friluftsliv
- har kunnskap om pedagogisk teori og didaktikk relatert til friluftsliv
- har inngåande kunnskap om gjeldande norm for førebygging av ulykker og sikker gjennomføring av organisert aktivitet i natur
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar i natur for ulike grupper
- kan planlegge og gjennomføre aktivitetar i natur på en trygg og ansvarleg måte
- skal kunne reflektere rundt læring og samspill mellom personer og omverden
- kan analysere og anvende pedagogisk teori og didaktiske modellar relatert til friluftsliv
- kan kartlegge og analysere nærmiljøets moglegheiter for leik og læring
Generell kompetanse
Studenten
- kan utvikle, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar i natur sjølvstendig og i samarbeid med andre
- kan reflektere kritisk over eiga og andre sin didaktikk og pedagogiske perspektiv i natur
- kan drøfte etiske og verdimessige problemstillingar knytt til pedagogisk arbeid i natur
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, ekskursjonar, pedagogisk aktivitet, gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering)
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk aktivitet
Gjennom desse læringsaktivitetane skal studenten vise kunnskap og ferdigheit knytt til planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk aktivitet i natur.
- To tekstar knytt til refleksjon av teoretiske perspektiv anvendt innan friluftsliv
Gjennom tekstane skal studenten vise tilfredsstillande læringsutbytte om evne til kritisk refleksjon om eiga og andre sin didaktiske og pedagogiske perspektiv i natur.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen, 2 dagar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel