Hopp til innhald

FRIB203 Friluftsliv vår – kultur og samfunn

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Sentralt for emnet er friluftslivet si historie, naturfilosofi med berekraftig utvikling og forvaltning av natur og friluftslivsinteresser. Studenten skal lære om friluftslivet si historie og korleis det har utvikla seg som kulturelt fenomen fram til i dag. Friluftslivet sitt mangfald, moglegheiter og betyding i dagens samfunn vil vere sentrale. Vidare vil naturfilosofiske perspektiv på menneske og natur utfordre studentane til kritisk tenking. Forvalting av norsk natur og friluftsliv vil vere viktig når studentane skal forholda seg til naturområder, moglegheiter, plikter og eventuelle forvaltningsmessige utfordringar. I emne ligg også NF grunnkurs bre (modul 1).

Ekskursjonar:

  • Dagsekskursjon saman med forvaltingsorgan knytt til forvalting av natur
  • NF grunnkurs bre, tre-fire dagar
  • Sportsklatring ute, to-tre dagar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om friluftslivets historie og framvekst
  • kritisk kunne reflektere over friluftslivets utvikling i lys av endringar i aktivitetsvanar og rammefaktorar som kan påverke deltaking i friluftslivet
  • har kunnskap om friluftsloven, allemannsretten og andre relevante lovverk knytt til friluftsliv
  • har kjennskap til ulike forvaltningsorgan knytt til friluftsliv og korleis desse har tyding for berekraftig utvikling

Ferdigheitar

Studenten

  • kan redegjøre for korleis friluftslivet si historie, filosofi og forvaltning kan ivareta eit berekraftig samfunn
  • kan reflektere over utvikling av friluftslivet si rolle i samfunnet
  • kan drøfte filosofiske perspektiv knytt til forholdet mellom menneske, natur og friluftsliv
  • kan drøfte ulike interessekonfliktar knytt til bruk av naturområder
  • kan sportsklatre trygt ute etter sportsklatre metodesett til NKF
  • kan anvende/bruke grunnleggande ferdigheiter knytt til ferdsel på bre, som t.d: stegjernsteknikk og vegval på blåis, innbinding i taulag, samt kameratredning

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og meistre referansehandtering
  • har evne til refleksjon og kritisk tenking rundt korleis naturen vert nytta
  • kjenner til filosofiske perspektiv knytt natur og friluftsliv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø. NKF brattkort klatring.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, ekskursjonar, gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Aktiv deltaking på dagsekskursjonar
  • Aktiv deltaking på NF grunnkurs bre
  • Aktiv deltaking på sportsklatring ute

Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om friluftsliv lovverket og forvalting av natur i Norge, samt evne til refleksjon og kritisk tenking rundt korleis naturen vert nytta. Deltaking på ekskursjonar er knytt til læringsmål om bre og sportsklatring.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav. 

Vurderingsform

Individuell mappeeksamen samansett av to tekstar og ein overbyggande kommentartekst som koplar tekst 1 og 2.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. 

Ved ny eksamen skal ein levere ein omarbeida mappeeksamen som inkluderer begge tekstane.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel