GE481 Ingeniørgeologi, geoteknikk og overvaking av ustabile fjellsider
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Del A (Fjell):
- Ingeniørgeologisk klassifisering av fjellmassar med fokus på diskontinuitetar, slik som foliasjon, forkastingar og sprekkar og deira skjerstyrke. Innføring i Q-systemet.
- Spenningar i naturlege fjellskråningar, i tunnelar, utsprengde fjellskråningar og vegskjeringar.
- Innføring i ulike typar instabilitetar i fjellmassar, slik som utglidingar langs enkel sprekkeflate, kileforma utgliding, utvelting, utgliding langs krumma plan eller langs plan med fleire sprekkeflater.
- Innføring i datainnsamlingsmetoder og metodar for stabilitetsanalyse av fjellskråningar, berekning av sikkerheitsfaktor for planutgliding med hand, og med dataprogram. Ein dag i felt for å samla inn eigne data frå ei vegskjering.
- Gjennomgang av ulike sikringstiltak mot utgliding.
Del B (Lausmassar):
- Geotekniske eigenskapar til ulike lausmassar.
- Spenningar i jord; totalspenning, poretrykk og effektiv spenning.
- Skjerfastheit/skjerstyrke.
- Analysera og berekna sikkerheitsfaktor for translasjonsskred og rotasjonsskred i lausmassar - med hand og med dataprogram.
Del C (Overvaking):
Den første eller andre veka i juni er obligatorisk og inkluderer førelesingar, felttur og øvingar om overvaking av ustabile fjellparti i Noreg. Ein av dagane i den veka går me opp til det ustabile fjellet Joasetebergi eller Stiksmoen mellom Aurland og Flåm, og lærer om korleis fjellet er instrumentert og korleis det vert overvaka. Studentane skal føreslå eit oppsett for instrumentering av eit ustabilt fjellparti i Noreg som ikkje vert overvaka, eller tolka eit sett med data innsamla frå eit ustabilt objekt som vert overvaka. Dette forslaget, eller tolkinga skal presenterast munnleg.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- forstår omgrepet sikkerheitsfaktor for fjell- og lausmasseskråningar.
- har innsikt i ulike metodar og ulike instrument som blir brukte for å overvaka ustabile fjellsider.
Ferdigheiter
Studenten skal kunna:
- klassifisere ulike lausmassar og fjellmassiv med omsyn på geotekniske og ingeniørmessige eigenskapar.
- analysera stabiliteten til ein skråning ved å berekna sikkerheitsfaktoren med hand, med rekneark og med ulike dataprogram.
Generell kompetanse
Studenten skal vera i stand til å:
- gjera ein sensitivitetsanalyse for ei bestemt skråning og bestemma kva for variablar som er mest kritiske for ei potensiell utgliding.
- designa og planleggja eit overvakingsprogram for eit ustabilt fjellparti.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
GE406: Geologi grunnkurs
GE407: Anvendt geofysikk
GE408: Mineralogi og petrografi
GE414: Strukturgeologi og tektonikk
GE484: Geofare og skredkartlegging
FY400: Innføring i fysikk
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, øvingar og felttur/feltarbeid (to dagar).
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjende øvingsrapportar:
a. Translasjonsskred
b. Rotasjonsskred
c. Berekning av gamle skredhendingar
Godkjend rapport frå feltarbeid - ustabile vegskjeringar
Munnleg presentasjon av instrumentering og/eller data frå eit ustabilt fjellparti i Noreg.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Linjal, enkel kalkulator.
Meir om hjelpemiddel