HI102 Historie 1500-1800. Innføring i norsk og internasjonal historie
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet gir eit oversyn over sentrale utviklingstrekk i tidleg nytid, då gamle tankar og institusjonar vart utfordra og den moderne staten, kapitalismen og vitskapen var i emning. Hovudvekta ligg på europeisk historie, med Noreg hyppig nytta som døme. Globale perspektiv og samanlikningar vert trekte inn der det er høveleg. Dei sentrale tema i emnet er krig og fred, politikk og statsutvikling, religion og kultur, vitskap og opplysing, og økonomi, samfunn og miljøhistorie.
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten har gode kunnskapar om…
- framveksten av eineveldet
- reformasjonen og motreformasjonen
- den vitskaplege revolusjonen og opplysingstida
- standssamfunn, folkekultur, og kjønnsrelasjonar
- militærvesenets utvikling i perioden
- utviklinga innan folkerett, diplomati og politisk tenking
- oversjøisk ekspansjon og global handel
- sentrale hendingar som Trettiårskrigen og den franske revolusjonen
- korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme samfunn
Ferdigheiter
Kandidaten …
- kan finne fram, vurdere og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
- kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historie
- kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare kvifor samfunn utvikla seg ulikt
Generell kompetanse
Studenten…
- kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
- kan formidle sentralt historisk fagstoff i diskusjonar og presentasjonar
- kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
- tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fleirvalstest (multiple choice) i heile pensum eller ein nærare definert del av pensum.
Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
Heimeeksamen, individuell (3 dager).
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SA503 - Frå antikken til den franske revolusjon. Verda fram til 1800 - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SA504 - Nasjonalisme, imperialisme & demokratisering. Verda frå 1800-1991 - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SA601 - Historie 1700-1914: Frå opplysningstida til fyrste verdskrigen - Reduksjon: 10 studiepoeng